Fint å sjå deg her! Det betyr at du endeleg er klar til å ta deg sjølv på alvor.
Mitt høge mål i livet og min misjon her på jorda er å hjelpe kvinner ut av skam og inn i frihet.
Hei, eg er terapeut Edith Birgitte Ludvigsen. Varmt velkommen skal du vere her hos meg!
Eg er for deg som treng ein omsorgsfull og empatisk terapeut som tilbyr emosjonsbasert somatisk traumebearbeiding. Eg hjelper deg å døyve gamle sannheter og bygge dei om til nye fundament i livet ditt. Så du kan stå stødig i alle dine følelsar, relasjonar og meininger.
Er du redd for å overføre dine gamle sår til ungen din, så kan eg hjelpe.
Knyt kroppen seg av skam og skrekk når du prøver å sei høgt kva du meiner og føler, så kan eg hjelpe.
Føler du deg sur og irritabel utan å forstå kva det er som foregår, så kan eg hjelpe.
Trykk på knappen og bestill ein terapi, så får vi sett på kva det er som står i vegen for at du klarer å ta deg sjølv på alvor.
Bestill timeTreng du meir enn ein enkel terapi?
Eg tilbyr pakkepris på 5 terapiar, for 60 eller 90 minutt, 20% redusert pris.
I tillegg tilbyr eg programmet EQ Vekst for deg som har bagasje og treng hjelp til å fungere som mor, leder, omsorgsgiver, partner, kvinne, menneske.
Les mitt nyhetsbrev!
I nyhetsbrevet Omsorgsposten skriv eg om livet med barn for deg som hadde ein vanskeleg barndommen, korleis terapi kan gjere livet og relasjonane dine enklare og korleis du fyller din eigen kopp før du skjenker andre - utan å føle deg egoistisk.
TIL OMSORGSPOSTENTa kontroll over gråten
Eg har laga ei speleliste med sorgfylte, sterke og emosjonelle låtar, til bruk for å unngå å miste kontrollen framfor feil folk. Går du med ein klump i halsen, er den der av ein grunn. Den vil fortelle deg noko. Gråt er flytande bearbeiding og kontakt med følelsane - spesielt dei som sit fast i kroppen.
TIL GRINE-LISTA
Sovnekoden
Treng du hjelp med å sovne? Blir du liggende mange lange timar i senga med tankekjør, utan å finne ro, eller har du kanskje nokon i huset som vekker deg i tide og utide? Med Sovnekoden får du tre teknikkar som hjelper sjølv utmatta småbarnsmødre å sovne utan distraksjonar, medisinar eller andre hjelpemiddel.
TIL SOVNEKODENEg gir deg innsikt i kva sinnet, utmattelsen og skammen din handler om, ved å vise deg historia di på ein heilt ny måte.
LES MEIR
Tre metoder - samme mål:
Gi deg styrken du treng for å bli ho du vil vere. Ho du skal vere.
EQ-terapi
Eigenomsorg
Pust og intuisjon
Når ditt indre barn er rolig, blir du rolig
I terapi hos meg får du møte ditt indre barn, og gi ho det ho treng for å kunne stole på at du er ein trygg voksen som har kontroll. Du får vise ho at det skumle er over, og fortelle ho kor fantastisk, smart og morsom du syns ho er. Og du får stå opp for ho, mot dei som gjorde ho vondt.
Du får bygge eit heilt nytt fundament som du kan stå støtt på, i møte med utfordringane du møter som voksen.
Det er ikkje "berre" å styre tankane over på noko anna når du er så stressa at du ikkje husker om du har pussa tennene eller ikkje.
La oss avskaffe "berre"-kulturen først som sist!
Det er ikkje "berre" å slutte å bry deg om kva andre folk tenker, føler og meiner om deg.
Ikkje når du lever med traumer. Dei overstyrer dei fornuftige tankane dine. Tenking kan ikkje styre klumpen du får i magen når nokon blir sure på deg.
Ikkje før du har bearbeida opplevelsen der klumpen blei til.