Om meg
Som ny småbarnsmor sleit eg meg ut for å holde kontroll. For å ikkje sleppe ut det som bodde i meg, som eg alltid hadde frykta. Eg prøvde å kontrollere både meg sjølv og dei rundt meg. Det blei for mykje ansvar, og til slutt brast det for meg på parkeringsplassen ved Dyreparken i Kristiansand. Eg slo ungen min.
Det blei vendepunktet.
Eg begynte i terapi og fekk bearbeida historiene mine og vist mitt indre barn korleis barn skal møtast. Eg har gitt ho ein grunnmur av kjærleik, omsorg og undring.
Derfor klarer eg no å vere den rolege, tålmodige mammaen eg alltid ville vere. Eg er ikkje lenger redd for at eg skal skade ungane mine. Eg tåler dei, fordi eg tåler heile meg.
Sertifisert i motherhood studies
Eg veit kva normer vi mødre blir opplært til å presse oss inn i, og korleis vi skal komme oss ut av dei. Eg kan gi deg språk og begrep du treng for å forstå deg sjølv og andre mødre.
Ekspert på eigenomsorg
Eg kan lære deg korleis du enkelt kan gi deg sjølv omsorg, kvifor du skal gjere det og kvifor metodane mine fungerer. Metodane er så enkle, at dei ikkje vil gi deg ekstra belastning.
Terapeut
Som EQ-terapeut har eg velutvikla emosjonell intelligens. Det betyr at eg gjennkjenner følesane dine og har kunnskap og erfaring med korleis du best handterer følelsane.
Eg vil hjelpe deg å forstå
Kva det er som gjer at du mister kontrollen?
Kvifor du blir så sint på ungane?
Kva det er som gjer at du blir så fort såra og skamfull?
Eg er ein miks av fleire ting: eg er EQ-terapeut, pusteveileder, barselambassadør og eg har studert historisk morskap. I tillegg har eg sterk intuisjon og eg er blant verdens mest omsorgsfulle mennesker.
Eg er sterkt opptatt av eigenomsorg, fordi eg ser at det er nødvendig for å kunne gi omsorg, og fellesskap mellom mødre for å motvirke skam og ensomhet.
Eg praktiserer autoritativ omsorg for alle som kjem til meg for terapi: høg grad av varme og støtte med klare grenser.
Vil du ha omsorgen min? Klikk på knappen:
Terapi
Eg tilbyr terapi online og i Sandnes sentrum. Du kan booke 90 min timeavtale, enkel eller 5x, eller du kan få EQ Vekst med nær og djup oppfølging i 12 veker.
Søsterskapet
For deg som er mamma og ambisiøs, men er stuck heime, samtidig som du treng fellesskap med andre mødre som støtter, tåler, feirer og pusher deg.
Pusteveileder
Eg sertifiserer meg, og vil tilby timar for pusteveiledning når eg har fullført sertifiseringa og fått nok opplæring.
Det er på tide å ta deg sjølv på alvor.
Du har tatt deg saman lenge nok no.