BOOK TERAPI

EQ Vekst

For deg som vil ta deg sjølv skikkelig på alvor. For deg som vil lære kroppen din at du er verdifull og trygg, utan å lese pensum, gjere øvelsar eller følge nye rutiner. Så magisk er EQ-terapi. 

Her får du 12 veker med djuptgåande endringsarbeid. Du får 8 EQ-terapiar à 90 minutt, oppfølgingssamtale kvar veke, samt før- og etter-samtale. Oppstart: når det passer for deg og etter nærmare avtale. 

Velkommen til mitt VIP-produkt: EQ Vekst!

Eg er Edith Birgitte Ludvigsen. Eg er EQ-terapeut, eigenomsorg-ekspert og sertifisert i Motherhood studies Norge. Eg brenn for å hjelpe kvinner, mødre og andre som strevar med å finne samsvar mellom den dei vil vere og den dei klarer å vere. Eg er her for å fortelle deg, at det er det som skjedde med deg i barndommen som står i vegen. Og at eg har verktøya og metodane som trengst for å fjerne hindringane. 

Gjennom å bearbeide traumer og vonde historier, vil du oppleve at eigenkjærleiken berre kjem til deg. Du gir ditt indre barn det ho trengte: ein trygg voksen som tok kontakt då ho var lei seg eller redd. Som viser forståelse og respekt og gir gode klemmar. Ein voksen som overbeviser ho om at ho er perfekt akkurat som ho er. Ein trygg voksen som står opp for ho og forteller dei voksne at det dei gjorde ikkje bra nok for lille deg. At ho fortjente bedre. Slik kan du òg bli ein voksen som er tryggare. Som kvinne, som mor, som datter. Slik at du òg kan leve etter ditt indre kompass.

Eg har gått denne vegen, og no dyrker eg mine omsorgsevner. Eg har ei unik evne til å føle med andre: eg er trygg, empatisk og eg ser kva du treng når du treng det. Eg er klar for å vise deg vegen inn til ditt indre, til din trygge plass. Der du kan vere heile deg, på godt og på vondt, utan å føle verken skyld, frykt eller skam. 

PS Treng du å teste EQ-terapi med meg før du forplikter deg til eit lengre forløp? Bestill terapi eller gratis samtale.