I EQ-terapi er det du som styrer
Som EQ-terapeut stiller eg spørsmåla som tek deg vidare, og gir deg verktøya du treng for å bearbeid dine gamle sår.
Frykter du at du skal gi ungane dine dei samme skadene som dine foreldre gav deg? Berre når du forstå kor dei vonde og vanskelege greiene kjem frå, kan du reparere dei.
I EQ-terapi får du møte ditt indre barn - den du var då du fekk desse såra - og rette opp det som blei så feil.
Book ein time i dag for å få hjelp til å rive dei vonde følelsane opp med rota.
Livet etter EQ-terapi
Blir du i bedre stand til å unne deg sjølv pauser i kvardagen, heilt utan dårleg samvittighet eller skam.
I EQ-terapi stikk du hol i den bobla du blei tvungen til å leve i frå du var barn. Gamle sår blir rensa, bearbeida og bandasjert, og gjer ikkje lenger like vondt.
Du står sterkare i dine meininger, fordi dei får autentisk forankring. Du står sterkare i følelsane dine, fordi du forstår dei og kor dei kjem frå.
I nyhetsbrevet Omsorgsposten skriv eg om mi reise ned i kroppen, tilbake til mitt indre barn, og gjennom alle dei vonde følelsane. Les det her:
GÅ I TERAPI
90 min EQ-terapi er for deg som lever med mykje stress, uro og smerter i kroppen, og ikkje klarer å finne ut kva det handler om, og for deg som veit at du har traumer.
60 min EQ-terapi er for deg som veit kva du treng hjelp med, deg som har drive med sjølvutvikling og gått i terapi, og deg som vil teste om EQ-terapi passer for deg.
Pakkane på 5x EQ-terapiar er for deg som vil gå meir i dybden, for ein meir langsiktig gevinst.
Et du klar for meir omfattande indre arbeid? VIP EQ Vekst er ei investering i eit liv med mindre uro, skam, frykt, sorg og sinne. Eg tilbyr personleg 1:1 terapi, tett oppfølging og djuptgåande arbeid. Begrensa kapasitet så søk allerede i dag!
60 min
1 EQ-terapi: kr 1000,-
(introduksjonspris fram til 12.juli 2026)
5 EQ-terapiar: kr 4500,-
90 min
1 EQ-terapi: kr 1250,- (introduksjonspris fram til 12.juli 2026)
5 EQ-terapiar: kr 5600,-
EQ-terapi kan gjere deg trygg nok til å:
🩷
tåle at mora di atter ein gong viser deg at du ikkje er bra nok for hennar standard.
🩷
sleppe tak i skammen, for du har innsett at den aldri var din å bere likevel.
🩷
ta deg ei pause før du er utslitt, fordi du ser verdien din, og endeleg trur påat du òg kan få omsorg.
🩷
sei kva du meiner, sjølv når du veit at ikkje alle er enige, utan at klumpen i magen sender deg i frys i fleire dagar.
🩷
få kontakt med fornuften din sjølv når du føler sterke følelsar.
🩷
bli den du var meint å bli.
Den du VIL vere.
«Eg har jo hatt ein heilt fin barndom, eg har ingen traumer», fortel du.
«Samtidig er det ting som skurrer. Eg føler meg ikkje heime nokon plass. Det er så mykje som står i vegen mellom den eg er og den eg vil vere. Og så veit eg ikkje heilt kven eg er..»
Eg spør deg korleis foreldra dine handterte deg då du var lei deg eller sint. Eg spør om du fekk klem når du trengte det, og om dei har fortalt deg at du var verdifull og viktig for dei. Sa dei at dei elska deg?
Brikkane begynner å falle på plass. Du begynner å bli klar for å møte den lille jenta du var.
Og eg er klar for å veilede deg gjennom prosessen med å styrke henne og deg sjølv.
Hei! Eg er EQ-terapeut Edith Birgitte Ludvigsen, og eg er her for å vise deg vegen til det livet du vil leve.
I EQ-terapi lærer du:
🩷 korleis du fyller opp din eigen kopp først, utan bli oppspist av dårleg samvittighet.
🩷 kvifor det er alt anna enn egoistisk å gå i terapi.
🩷 å gjenkjenne mønster du lever med, og kvifor du gjer det.
🩷 korleis du kan ivareta deg sjølv frå innsida, frå røttene, frå då du sjølv var barn.
🩷 teori og praksis som du kan bruke for å hjelpe deg sjølv etter at vi avslutter forløpet.
Ein EQ-terapi hos meg varer så lenge den treng å vare. Som utgangspunkt opp mot 90 minutt, med samtale før og etter sjølve terapien.
EQ-terapi er energikrevande arbeid, så eg anbefaler å sette av tid til refleksjon og kvile i etterkant.
Du treng dette dette, kjære kvinne.
Ungane dine treng at du har det bra.
Er du usikker på om akkurat du treng terapi?
Lurer du på korleis eg kan hjelpe deg?
Vil du bli enda bedre kjent med meg enn du kan bli her?
Du har tre valg:
Gratis samtale
Book ein 30 minutts gratis og uforpliktande bli-kjent-prat med meg.
Spør meg om alt du lurer på, om meg og om jobben min.
Live mini EQ-terapi
Få eit lite innblikk i korleis eg gjer EQ-terapi med ein live mini EQ-terapi. Alle som abonnerer på Omsorgs-posten kan delta gratis.
Abonner på nyhetsbrevet
I Omsorgsposten deler eg mine erfaringer, kva terapi er godt for, kvifor mødre spesielt treng det og andre tema som viser kven eg er og kva eg står for.
Dei som kjem til meg for EQ-terapi gjer det fordi dei lever med folk som burde gått i EQ-terapi