Hei og velkommen til meg!
Sjå for deg at dette ikkje er ei nettside, men eit rom der berre eg og du finst. Eg har gitt deg ein tekopp som er akkurat passe varm, og framfor oss har vi eit album med bilder frå livet ditt.
«Eg har jo hatt ein heilt fin barndom, eg har ikkje nokon traumer, eg», fortel du. «Likevel er det så mykje som skurrer. Så mykje eg ikkje mestrer, så mykje som står i vegen mellom den eg er og den eg vil vere.»
Eg spør deg korleis foreldra dine handterte deg då du var lei deg eller sint. Eg spør om du fekk klem når du trengte det, og om dei har fortalt deg at du var verdifull og viktig for dei. «Sa dei at dei elska deg?»
Brikkane begynner å falle på plass. Du begynner å bli klar for å møte den lille jenta du var.
Og eg er klar for å veilede deg gjennom prosessen med å styrke henne og deg sjølv.
Hei, eg er EQ-terapeut Edith Birgitte Ludvigsen, og eg er her for å vise deg vegen til det livet du vil leve.
Dei som kjem til meg for EQ-terapi, gjer det fordi dei lever/har levd med folk som burde gått i EQ-terapi.
Viss du er litt som meg, så har du vokst opp i ein møblert heim, med varm middag på bordet kvar dag, reine klede, ei varm seng og foreldre som fungerte i samfunnet. Og ingen visste kva det ville sei at nokon var emosjonelt utilgjengelige eller umodne.
Eg har alltid tenkt at eg fekk det eg trengte, men at der var noko som skurra litt.
Så eg bestemte meg for å prøve å finne ut kvifor eg ikkje fekk til å fungere slik eg ønska. Kunne det vere noko i mi historie som gjorde at eg alltid følte meg feil og fekk så vondt i magen av å bli misforstått. Kvifor eg var så livredd for å få kjeft og kva det var som gav meg spenningshodepine når eg grua meg til noko eller kvifor eg stadig blei utbrent. Kunne eg finne svaret på kva var det som gjorde at eg feila i relasjon etter relasjon?
Eg har jobba kontinuerlig med mi historie i EQ-terapi sidan april 2022. Det har gitt meg svar på alt det over. Men viktigst av alt så har det gitt meg den eigenkjærleiken eg mangla. Og den emosjonelle intelligensen (EQ-en) eg trengte for å stole på meg sjølv, og ta meg sjølv på alvor. Eg har klart å slutte å ta meg saman, og begynt å lytte til kva eg vil.
Det har gjort meg til den mora eg aldri heilt turte å drøyme at eg kunne bli.
Å møte meg sjølv som barn og ung, med veiledning frå ein erfaren EQ-terapeut har styrka både sjølvbildet og sjølvtilliten min. Eg har fått møte lille meg med den varmen, omsorgen og forståelsen, som ho hadde trengt den gongen.
Det har gitt meg mot til både å snakke på kamera, snakke høgt og tydeleg om faget mitt – og andre saker som engasjerer meg. Eg har lært meg å kjenne igjen følelsar, og å finne ut kva det handler om.
Eg har slutta å dømme andre, fordi eg har slutta å dømme meg sjølv.
Eg er ikkje lenger så redd for å få voksenkjeft, og eg er ikkje lenger redd for å sleppe laus gråten. For eg veit korleis eg skal ta kontroll på sorgen. Og sinnet, og skammen og frykten. Eg slapper av med følelsane mine!
Og det beste av alt, eg har lært meg korleis eg kan gi dette vidare! Min mission her på jorda er å vise denne vegen til andre, som sit der eg satt på starten av det året då alt starta for meg. Dritt møkka lei av å ikkje få til livet, og klar til å ta steget innover mot eigenkjærleik og eigenomsorg.
Eg viser deg små steg og store steg du kan ta for å komme deg dit du vil. For med mi hjelp kan du det. Komme deg akkurat kor faen du vil. Eg hjelper deg å finne vegen til ditt indre barn, korleis du skal styrke henne nok til at ho står som eit trygt fundament i livet ditt.
Og ikkje tru at dette er ein egotripp. Du gjer ikkje dette for å gi beng i dei rundt deg. Du gjer det for at du skal tåle dei rundt deg og vere det trygge fundamentet DEI treng i sine liv.
I EQ-terapi er det du som styrer
Men eg som er EQ-terapeut guider deg, stiller deg spørsmål og gir deg dei verktøya du treng til å:
- Finne følelsar i kroppen.
- Koble følelsane til tidlegare opplevinger.
- Gå inn i dei tidlegare opplevingane og finne den du var den gongen det skjedde ditt indre barn.
- Ivareta ditt indre barn. Gi ho den omsorgen og kjærleiken ho hadde trengt den gongen.
- Gi ditt indre barn kvile, ved å forsikre ho om at du som er vaksen har kontroll, at du tek vaksen-ansvaret heretter.
- Stå opp for den du var.
- Fjerne det vonde frå eigen kropp.
- Ta ditt indre barn, den du var, til ein plass ho kan føle seg trygg resten av livet.
Viss du er komfortabel med det, så vil eg anbefale at du lukker augene under EQ-terapien. Det hjelper deg å komme meir i kontakt med kroppen og følelsane du ber på.
For å finne følelsen du skal jobbe med, ber eg deg finne ut kor i kroppen den er, kor stor plass den tek, om den har nokon farge, form, er den fast eller i bevegelse, tung/lett, har den lukt, smak eller andre faktorar. For å finne ut kor den følelsen oppstod, kan vi spør om den har noko den vil sei, eller om du kan sjå deg sjølv med den følelsen frå ei tidlegare oppleving i livet.
Vi jobber aller helst med minner frå barndommen, frå 0-6 år, fordi det var ofte då desse følelsane oppstod i deg for første gong. Dei mest effektive EQ-terapiane er dei kor vi bearbeider sjølve rota i følelsen, men for kvar bearbeida oppleving, vil den følelsen ha litt mindre kontroll over deg. Og du vil sjølvsagt få tilsvarande kontroll tilbake.
Lurer du på noko om EQ-terapi? Eller meg som EQ-terapeut? Send meg nokre ord her, så svarer eg deg så snart eg kan!
Eg møter stadig mødre som gir alt dei har til andre
Til mannen, barna, på jobb, til foreldre og øvrig familie, til idrettslag og foreldreutval, til venninner og til tilfeldige folk dei møter på butikken eller på Internett. Eg veit korleis dei har det. Eg har vore akkurat sånn sjølv. Eg er det til dels enda.. Berre sjå på meg, her er eg og prøver å hjelpe folk igjen.
Er du kvinne som vaks opp på 80- og 90-talet eller tidlegare, er du sannsynlegvis oppdratt til å ofre deg for andre. Vise hensyn, ikkje ta plass og vere flink pike. Det blei forventa av deg frå du var ganske lita, og du ber det med deg, dette omsorgsgenet. Du er skapt sånn frå naturen. Du SKAL ta deg av dei rundt deg. Men kven tek vare på DEG? Og må det vere sånn at du brenn deg heilt ut når du prøver å gjere det òg?
Nei, du må ikkje det. Det går jo ikkje. Og du kan ikkje fortsette å ofre di eiga helse for alle rundt deg.
Det er ikkje berekraftig, hensiktsmessig eller bra for nokon.
Du kan ikkje oppdra ungar som om du ikkje jobbar fulltid og jobbe fulltid som om du ikkje har barn på samme tid.
Ikkje utan å miste deg sjølv.
Eg vil ikkje at DU skal ha det sånn.
Eg vil vise deg korleis du fyller opp din eigen kopp først, før du hjelper andre. Og ikkje minst, så lærer eg deg kvifor det ikkje er ei egoistisk handling å gi seg sjølv eigenomsorg.
Eg har fleire virkemiddel, metodar og verktøy for å hjelpe deg å komme ut av dette. Alt dette har eg samla i eit nyhetsbrev eg kaller Omsorgsposten.
"Å lese Omsorgsposten er som å få ein varm klem i innboksen."
"Eg har klart å vere litt mindre flink pike på grunn av det du har skrive til meg i Omsorgsposten!"
Vil du ha dette? Trykk på knappen under:
Få Omsorgsposten🩷 rett i innboksen!
Gi deg sjølv ein meir utkvilt og fornøyd versjon av deg.
Fyll ut skjemaet under for å bli litt mindre flink pike.
I Omsorgsposten får du det du må vite om eigenomsorg og enkle, effektive grep du kan ta for å ta bedre vare på deg sjølv. Slik at du kan gi deg sjølv overskudd, og ikkje lenger gi til andre frå ein tørr og sur kopp.
Unn deg sjølv og dei rundt deg litt eigenomsorg i dag!
Omsorgsposten er gratis, og du kan avslutte abonnementet når du vil.