Signaler frå kroppen
Mar 15, 2026For om lag eit år sidan bestilte eg time hos optiker. Synet hadde vore vanskeleg ei lang periode. Og eg begynte å få nok. Eg klarte ikkje lese skikkelig på mobilen, eg måtte skru opp skriftstørrelsen. Å lese ei bok var utenkelig. Ikkje utan mange og lange pauser.
Eg fann ein metode kor eg kunne "gjenopprette" synet ved å kikke opp i taket eller på noko langt vekke nokre sekund, då det var på det verste. Det hjalp etterkvart for berre nokre få linjer i boka før eg måtte gjere det på nytt.
Eg klarte ikkje lese skikkelig på mobilen, eg måtte skru opp skriftstørrelsen. Å lese ei bok var utenkelig. Ikkje utan mange og lange pauser.
Eg fann ein metode kor eg kunne "gjenopprette" synet ved å kikke opp i taket eller på noko langt vekke nokre sekund, då det var på det verste. Det hjalp etterkvart for berre nokre få linjer i boka før eg måtte gjere det på nytt.
Synet blei uskarpt etter svært kort tid på det verste. Eg måtte fokusere og konsentrere meg veldig viss eg skulle klare å lese litt kvar kveld.
Etter kvart vart det umulig å lese om kvelden. Eg hadde ikkje godt nok lys. Om dagen var det litt bedre, men uskarpheten kom sigande sjølv i dagslys.
Optikeren oppdaga bittelitt forverra syn. 0,25 forandring på det eine auget.
Det forklarte ikkje saken.
Eg la bøker på hylla for ei stund, klarte å begrense mobilbruken, og begynte å "meditere". Eg veit ikkje om eg kan kalle det eg driv med for ekte meditasjon, kanskje ekte kvile er ein bedre beskrivelse.
Det eg gjorde for å få ekte kvile, var å sette på alarm på mobilen på mellom 15 og 30 minutt, og så legge den langt vekk. Eg skrudde av alt av lyd og berre kikka ut vinduet. Såg på fuglane, lauv og trær som vaia i vinden, på skyane. Såg på natur, rett og slett.
Kombinasjonen av begrensa mobilbruk og ekte kvile-meditasjonen min gjorde først ein ting, så ein anna.
Først: eg fekk bygd opp energien min.
Å ikkje vere konstant påkobla, i fokus og konsentrasjon gjennom stadig nye inntrykk frå sosiale medier, gjorde at hjerna mi slappa litt meir av. Og då slappa kroppen min òg litt meir av.
Og det som skjedde deretter, var at synet mitt plutseleg SLUTTA Å BLI USKARPT!
Eg har eigentleg ikkje lagt skikkelig merke til det før no dei siste dagane.
For no har eg nesten havna tilbake der eg var for rundt eit år sidan. Ungane har vore sjuke så masse og så lenge, eg har sove lite, bekymra meg mykje. Hatt alt for mykje jobb og samtidig brukt alt for mykje tid med mobilen i nasen og reels og anna drit i augene igjen. Har ikkje klart å huska på ekte kvile. Er bånnsliten.
Og synet har begynt å bli uklart igjen.
Tenkt at kroppane våre kan sende oss slike signal når dei kjenner at vi ikkje gjer det som er optimalt eller berekraftig for oss sjølv.
Det er både magisk og litt fælt.
Eg tenkte automatisk at synet mitt blir dårleg fordi noko var galt med augene mine. Då eg hadde betennelse i ankelen for eit år sidan, tenkte eg at det var foten det var noko galt med.
Men det var måten eg levde på.
Måten eg ikkje tok vare på meg sjølv.
Kroppen sa ifrå at eg ikkje hadde kapasitet til å bruke foten, ved å lage betennelse. Kroppen sa ifrå at eg ikkje hadde kapasitet til å bruke synet på den måten, ved å gjere det uskarpt.
Det eg vil fram til med denne bloggposten, er at kroppane fortel oss når vi må ta bedre vare på oss sjølv.
Først med små teikn, som små smerter. Deretter med sterkare og sterkare signal, som uskarpt syn og betennelser. Lar vi det gå for langt, slår kroppen seg av, og vi blir fullstendig utmatta.
Men det er så innmari vanskeleg å legge merke til at det skjer, når vi er så vant til å ta oss saman og bite det i oss og berre stå på og slenge i oss ein paracet, og holde ut.
Eg har ein plan for korleis eg skal ivareta meg sjølv. Eg har ein plan B for korleis eg skal ivareta meg sjølv når eg ikkje får til den første planen. Og så har eg faktisk ein plan C for når det er HEILT krise. Eit glas vatn på starten av dagen er det som held meg flytande på dei aller verste dagane. Det klarer eg nesten uansett.
På dei gode dagane tenner eg lys, drikk varmt vatn, skriv morgonsider på morgonen, hører på musikk og syng, og kjem meg på trening eller tur.
Som småbarnsmamma er det ikkje flust av slike dagar. Men eg passer på å nyte dei når dei kjem.
Og å holde meg til ein av dei andre planane dei dagane ting ikkje sklir av seg sjølv. Slik at eg får ta litt vare på meg sjølv, kvar einaste dag. Eg treng det. Og eg fortjener det. Og alle rundt meg har godt av at eg gjer det.
Har du lagt ein plan for dei dagane du aller helst berre vil bli under dyna, men ikkje kan det? Korleis du kan ta vare på deg sjølv, når alt berre er dritt og går skeis? Del det med meg! Det kan vere eigenomsorg i seg sjølv å berre få det ut, faktisk!
Vil du ha mine enkle, effektive tips til korleis du kan gi deg sjølv eigenomsorg? Klikk her, så får du Omsorgsposten og gåvene Grine-lista og Gentle life hacks for eigenomsorg av meg direkte til innboksen. Abonnerer du allerede, kan du søke opp gentle life hacks i innboksen din og håpe du ikkje har sletta dei 🫣😅
Uansett vil eg at du begynner å ta deg sjølv på alvor. Og slutter å ta deg saman. Gi deg sjølv den omsorgen du fortjener og har så innmari godt av. Husk at små ting kan ha store utslag.
Ta vare på deg.