TAKK FOR AT DU VIL BLI MED PÅ KURSET

SKAMLAUS FØR SOMMAREN!


Sjå på deg, då!

Sjå på deg som tek deg sjølv på alvor og endeleg gjer noko med skammen du har bært med deg så lenge. Det er få ting som gjer meg lykkelegare enn folk som tek seg sjølv på alvor og seier nei takk til at skam og andre folk sine meiningar skal  styre livet!

Du får vidare informasjon om kurset og link til live-møter og alt anna via Omsorgsposten. Følg med og pass på å åpne alle epostar merka med ☀️SKAMLAUS.

Velkommen, velkommen, velkommen til kurs!

Medan du venter, kan du skrive opp følgande tidspunkt i kalenderen din:

Onsdag 20.mai kl 1300
Onsdag 27.mai kl 1300
Onsdag 3.juni kl 1300
Onsdag 10.juni kl 1300
Onsdag 17.juni kl 1300
Onsdag 24.juni kl 1300

I tillegg blir det utsending av fagstoff på måndagane og feiring av små og store sigrar på fredagane i kursperioden.


Mens du ventar på oppstart, kan du for eksempel lese blogginnlegget Pikkski og drit i naturen, om korleis skam og truslar har stoppa kvinner frå å uttrykke følelsar gjennom alt for mange generasjonar.

Innlegget blei kronikk i VG, og er inspirert av kommentarfeltet under eit klipp av Ingrid Gjessing Linhave som ranta om forferdeleg natur då ho var med på 71 grader nord. Ho fekk Gullruten for det! 😅 Ho fortalte meg at ho har fått kun positive tilbakemeldinger, så vi konkluderte med at facebook- og VG-kommentarfelt ikkje alltid representerer virkeligheta.