Pikkski og dritt i naturen

Oct 30, 2025

Har du fått med deg Ingrid Jessing Linhave sitt utbrudd etter tur, på 71 grader nord kjendis?

Har du tenkt at det er voldsomme reaksjonar ho kjem med der? At utbrudda ho kjem med, høyrer heime i barnehagen? Lurt på kvifor ho meldte seg på, eller kvifor ho ikkje trekker seg når det skal vere så jævla tungt og vanskeleg for ho? Kunne ho ikkje berre holdt kjeft, slik dei andre deltakarane klarte? Dei var jo slite dei òg!

 

Då er du ein del av problemet som kvinner strever med i dag.

 

Kroppane våre er skapt for å ha utløp for følelsar. Dei er ikkje skapt for å vere følelsesfengsel.

Det er eit menneskeskapt konsept, patriarkalsk som faen, og det gjer at dei med makt har ein viss orden på oss som lever i dei ulike samfunna. Spesielt kvinner har det vore viktig å dysse ned, så normer har vokst fram, for å holde oss kua. Trange, trange normer, som det er nesten umulig å følge. 

Men når følelsane våre ikkje får komme ut, lagar dei kaos i kroppen. Vi blir oftare og meir sjuke, meir engstelige, meir anspente og irritable. Vi får hjernetåke og begynner å gløyme viktige ting, fordi vi bruker så mykje hjernekapasitet på å holde igjen og kjempe den indre kampen mellom instinkt og gener.

Instinkta våre seier «SEI IFRÅ MED DET SAMME!»

Men genane vår seier «DET ER LIVSFARLEG Å SEI FRÅ, HOLD DET INNI DEG!»

Du har kanskje lært kva som skjedde med kvinner som sa ifrå for 100, 200 og 400 år sidan? Tvangsinnleggelse, tvangsmedisinering, lobotomering, vald, overgrep, brenning på bål. Eller Scold's bridle, som eg skreiv om i mitt forrige blogginnlegg.

Sånne ting. Og kroppane våre husker denne frykten. Vi har med oss desse genane våre. Hjernen oppfatter slike følelsar som ekstrem fare (fordi det har instinkta våre lært at det er), og sender alarmsignal for å hindre at vi havner der igjen. Det gir traumeresponsar i kroppen, det gjer vondt i magen og vi får vondt for å puste skikkelig. Å sei ifrå er forbunde med eit enormt ubehag i kroppen.

Men no lever vi i ei tid der det faktisk ikkje lenger er farleg å sei ifrå.

Og når vi prøver å jobbe imot desse instinkta, vil det frameis føles sterkt ubehagelig at folk rynker på nasen av oss. Eller når folk blir sure. Det er sjukt ubehagelig å bli usynliggjort eller utestengt, fordi vi oppfører oss på ein måte som går utanfor normene. 

Her oppstår det ei indre konflikt mellom urgamle instinkt og dagens samfunnsstrukturer: når folk blei avvist av flokken i steinalderen, var det gjerne ein dødsdom. Når vi blir avvist i dag, er det ikkje det samme. Men FØLELSEN er heilt lik. Vond, tung og øydeleggande. Og i sum: undertrykkande. 

MEN DET ER IKKJE LENGER FARLEG!

Så no vil eg at kvinner og mødre nok ein gong skal vere foregangsfolk: gå i bresjen, og ta det sosiale ansvaret det krever å skape endringer. Knus patriarkatet om du vil! Innfør matriarkat heller, det er det eg prøver på her!

Dette er endringer som må til for å unngå at kvinner og mødre skal miste stemmene og rettighetane våre fullstendig. Det viser seg igjen og igjen og igjen.

Husk at små tuer kan velte store lass, og at vi alltid er STERKARE SAMAN!

Legg merke til det Ingrid sjølv seier etter ho hadde fått utløp for følelsane: det var faktisk ikkje SÅ gale, og no kan ho kose seg med minna. Det hadde ho gjerne ikkje klart viss ho hadde bært med seg alle dei følelsane inni seg. 

🩷klem frå Edith