Er du mindre verdifull enn ein hund?

Jan 05, 2026

Ville du behandla deg sjølv bedre ein hund om du skjønte din eigen verdi?

Eg veit kva det er som gjer at du:

😶‍🌫️ ikkje klarer å gå på trening, sjølv om du VIL av heile ditt hjerte og VEIT med heile deg at du har godt av det.

😶‍🌫️ ikkje klarer å motstå fristelser, sjølv når du har laga avtaler med deg sjølv at du skal det.

😶‍🌫️ blir sittande fast i senga med scrollemodus på alt frå akvarell-reels til kattar som blir skremt av agurkar og folk som lager tøy av naturmaterialer, og alt der i mellom, når du burde gått i dusjen og starta dagen.

😶‍🌫️ ikkje klarer å komme deg opp av sofaen og slå av serien, sjølv om du burde lagt deg for lenge sidan.

😶‍🌫️ slit så innmari med å komme deg i dusjen, sjølv om det er alt for lenge sidan sist.
 

Eg veit kva det er som gjer at du behandler deg så mykje dårlegare enn du ville behandla ein hund du hadde ansvaret for.


Det er fordi du ikkje ser verdien i deg sjølv.

Men du er verdifull, Edith. Eg trur kanskje du veit det med intellektet ditt. Men kroppen, hjerna og nervesystemet ditt treng å forstå det òg, og vegen inn dit er via ditt indre barn.

........

Tankeeksperiment: La oss sei at du får ein hund du skal ha ansvar for:

Du ville tatt hunden med ut på tur, for du veit at hundar treng lufting. Du ville gitt hunden næringsrik mat og gjort ditt beste for å stimulere den mentalt. Du ville vaska hunden om den blei skitten. Du ville ikkje holdt hunden våken når den burde sove. Du er ikkje ond heller, sant! Og du syns hunden er verdifull og vil ta så godt vare på ho som du kan.

Så kva er det som gjer at du behandler DEG SJØLV på den måten!?!

Sannsynlegvis fordi ingen har vist deg verdien din då du var barn. Eller fordi nokon har overbevist deg at du ikkje er verdifull.. 

Og det vil eg berre sei med ein gong: eg er utruleg lei meg for at du har opplevd det. Du fortjente ikkje det. Du fortjente langt bedre enn det. 🩷

Men no er det dessverre (og heldigvis?) opp til deg å finne tilbake til verdien din, slik at du kan tru på, med heile deg, at du er verdt nytrent- og nydusja-følelsen, og at kroppen din og hjerna di er verdt å ta vare på.

Eg skriv tilbake, fordi du trur vel ikkje at ein nyfødt baby er verdilaus? Nei, det er noko av det mest verdifulle vi har i verda! Meir vedifullt enn alle pengane, faktisk. 

Så kva er det som har skjedd med deg på vegen, som har gjort at du har mista denne verdien? Eller rettare sagt trur at du har mista denne verdien..

Du treng ikkje begi deg ut på denne jakta på eiga hand (det er nesten umulig). Eg vil hjelpe deg!

Og EQ-terapi har dei aller beste verktøya til å finne ditt indre barn, ho som blei overbevist om at ho ikkje hadde verdi, og hjelpe ho - og deg - å snu denne tankegangen.