Min hemmelege plan

Oct 10, 2025

Ok, no skal eg vere heilt ærleg her. Altså, eg er alltid ærleg, men dette har eg ikkje snakka så mykje om før. Eg har nemleg ein hemmeleg plan med det eg driv med for tida. Alt det jævla maset om at du skal gi deg sjølv eigenomsorg og komme til meg for EQ-terapi.

Og så tenker du at du har alt for mykje å drive med allerede, og at det er både for dyrt og for tidkrevande. Dessutan er det skummelt å prøve nye ting. Det er skummelt å skulle sjå på det du har fortrengt. Og det er det. 

MEN, her er greia: Eg vil at alle skal kunne øve på å bli sinte i trygge omgivelser.

Og då speielt kvinner og andre som strevar med å heve stemma si heime, på jobb, framfor barna, til foreldra sine eller svigers, venninner, på butikken, til telefonselgarar, hos frisøren og kor enn vi ellers ferdes.

Vanlegvis vil kroppen gå i frys lenge før vi tør å heve stemma til andre voksne. Vi går i fawn lenge før vi tør å sei til frisøren at fargen blei feil. Vi rømmer inn i mobilskjermane våre lenge før vi tør å gi beskjed til han drittfyren som skjeller ut ho som var uheldig og sølte litt øl på han.

Eg, for eksempel, har gått så sjeldan i fight (kamp) at eg ikkje nesten ikkje kjente det igjen. Og når eg først gjorde det, så knakk eg saman i skam. For nokon har lært meg at eg skal skamme meg viss eg blir sint. 

Og det er denne skammen eg vil til livs. Eg vil bygge styrke i deg som føler deg svak og redd. Eg vil ikkje at alle som tør å snakke høgt er kvite, middelaldrande menn som stemmer frp. Har du sett kommentarfelt i VG eller Aftenbladet i det siste? Stor overvekt av menn med konservative, misogyne og fordomsfulle haldnniger. 

Eg vil hjelpe DEG med å finne den ekte stemma di.

Ikkje den stemma du snakker med til den hårsåre sjefen din med.

Ikkje den stemma som seier "tusen takk, det blei veldig fint" til frisøren, når du hater det ho har gjort.

Men den stemma du hadde då du var tre år.

Den du brukte til å SKRIKE og HYLE til dei vaksne då du følte deg urettferdig behandla. Den stemma du hadde før du blei hysja på og sendt på rommet. Den stemma du hadde før du blei dempa:

den autentiske stemma di.

Det er DRITskummelt å komme i kontakt med den stemma, eg veit alt om det. Berre tanken på å skulle bruke den igjen, kan få deg til å gå i frys. Og det er det gode grunnar til.

For det første, så har ikkje den stemma blitt tålt. Så du har øvd og øvd på å holde den stille og beherska store delar av livet. Du har vore snill, flinke pike fordi du har lært at du kun er bra nok når du "oppfører deg" og er føyelige. 

I tillegg har ikkje kvinner fått bestemme over seg sjølv. Først i 1964 fekk kvinner lov til å beholde sitt eige etternavn når dei gifta seg. Første krisesenter blei oppretta så seint som i 1978. Og først i 1991 blei det enklare å skille seg! 

Og verre var det på 1500-talet. Då hadde dei masker som (flest) kvinner blei tvungne til å gå med. Scold's bridle blei den kalt. Brukt "as a punishment for people, usually women, who spoke out of turn." Dei sa noko som ikkje var akseptert. Så enkelt. Og så vanskeleg.

Bridelen, som var laga av stål vart satt på som ein hjelm, og hadde ei plate som gjekk inn i munnen. Plata hadde skarpe kantar eller piggar, sånn at bæraren ikkje kunne bevege tunga utan å kutte seg opp i munnen. Ho kunne altså ikkje snakke, ho fekk ikkje tatt av seg maska for den var gjerne låst på, og ho var tilgjengelig for spott, spe og skam når ho gjekk rundt med den. Eller sto festa til ein stolpe på torget. For ut av huset måtte ho, sjølvsagt. Ut å visast fram, til skremsel for alle kvinner og andre som tenkte på å sei høgt noko som ikkje var akseptabelt å sei. Dette ville garantert skje med deg òg om du sa noko som ikkje var akseptert. Eller heva stemma til mannen, om du sa at du var uenig. Eller kjempa mot å bli voldtatt av mannen din. Du var trass alt hans eigedom.

...

Eg har innsett at på det er mi plikt å rydde opp i dette.

Eg er såpass privilegert at eg er født i Noreg i det 20.århundret. Eg har hatt mulighet til å få lære om alt dette, og om dei ulike mekanismane som pågår i kroppane våre når stemma blir svak, fornuften fordufter, og vi aller helst skulle vore sterke.

Og eg er såpass privilegert at eg har ein PC å skrive til folk med. Eg blir ikkje straffa for å snakke høgt om dette. Sjølv om enkelte gjerne framleis syns det er "out of turn".. Eg har hatt råd til ei utdanning som har gitt meg mot til å snakke høgt om dette. Og eg kan rett og slett ikkje tillate meg å ikkje gjere noko. Og det er derfor eg snakker høgt om og gir bort gratis informasjon om eigenomsorg. Eg kan berre ikkje la vere. Og eg kan ikkje la vere å jobbe som EQ-terapeut og hjelpe andre til å finne si stemme. Sitt sinne. Sin indre styrke.

Om du ikkje vil gå i EQ-terapi for di eiga stemmes skuld, gå i EQ-terapi for formødrene, som har lidd og vore tvungne til å holde kjeft. DU har mulighetene dei berre kunne drøyme om!!

Om du ikkje går i EQ-terapi det for å få drømme-relasjon til ungane dine, så gjer det for å gjere samfunnet tryggare for alle stemmer. Vi må vere foregangskvinner. Vi får ikkje til nokon endringer om vi alle sit heime og scroller på kvar vår mobil, og innbiller oss at vi finn fellesskap i skjerm og sosiale medier. Sorry, men det er sant.

Vi får ingen ednringer når vi ikkje øver oss på å ta plass. Vi får ingen endringer når vi seier ja når vi meiner nei, når vi smiler når vi er sinte, eller når vi ikkje tør å øve oss på å sei nei. Vi kan til og med risikere at demokratiet vi har så godt av svinner hen viss vi lar feil krefter ha dei høgaste stemmene. 

Eg vil at du skal sei ja til komme i EQ-terapi hos meg. 

Sjølv om det betyr at du kanskje må sei nei til ungane og/eller partneren din i ein times tid ei stund framover. Eg vil at du skal investere det denne hjelpa kostar, sånn at du kan gi deg sjølv, ungane dine, formødrene og alle som kjem etter deg, den krafta som finst i stemma di, som dei fortjener for å ha det bra.

Og då meiner eg ikkje bra nok. Men skikkelig, ekstatisk og deilig bra!

Eg veit eg ALT om kor skummelt dette er. Eg var livredd då eg gjekk inn på EQ-institute på Klepp stasjon første gongen, og andre gongen, og den tredje og den fjerde. Og kanskje enda lenger, eg husker ikkje. Dei som var der, som sat i ring ilag med meg der, tok vare på meg. Dei såg meg. Dei tålte meg. Heile meg!

Eg hadde uansett vore redd så lenge, at det gjorde liksom ikkje store forskjellen.

Alt av endring skjer gjennom ubehag, det veit eg jo. Men det er vanskeleg å gå inn i ubehag. Nesten umulig faktisk, i alle fall om ein skal gjere det heilt aleine.

Men ingen endring skjer når vi blir så redde for å kjenne på skam, smerte, sorg eller sinne at vi ikkje gjer noko. Og vi går jo uansett rundt og held alle desse følelsane inni oss.

Tenk så kraftfull du blir når du endeleg får ut alt det tunge som du ber på! ❤️‍🔥❤️‍🔥❤️‍🔥

Tenk så mykje skade desse negative følelsane gjer i deg, når du held dei inne.
Kroppslege smerter, utmattelse, sjukdom, mentale smerter, relasjonsvanskar..

...

Etter å ha gått snart 4 år i EQ-terapi, er eg ikkje redd lenger. Eg er mykje modigare, sjå berre her:

✨ Eg tør å sitte her og sei at eg er kapabel til å ivareta deg viss du blir redd når du får EQ-terapi hos meg.

✨ Eg tør å sei at eg gjer ein så god jobb at du VIL betale meg for å gi deg EQ-terapi.

✨ Eg tør å stole på meg sjølv nok til å tru på at det er sant og at eg og min kunnskap er verdt det.

ALLE og spesielt akkurat DU treng denne følelsen av trygghet og ro. Og du treng ekte sjølvtillit på dine meininger, prestasjonar og kunnskapar.

DERFOR kaller eg herved på alle som tenker at dei muligens ville blitt brent på bålet dersom dei levde som den autentiske seg for rundt fire hundre år sidan. KOM og bli med i EQ-terapi og finn stemma di!

Du trengs meir som heil og sann enn snill og god!


Ei av greiene eg fann ut i løpet av dei tre åra eg studerte til å bli EQ-terapeut, var at eg har vore alt for lite sint i mitt liv. Det var læraren min som gjorde meg oppmerksom på det. Det kjem ikkje lett til meg enda, men eg øver meg. Og eg vil invitere deg med inn i sirkelen for å øve ilag med meg. Tenk så sterke vi blir når vi kan vere sinte ilag!! ❤️‍🔥❤️‍🔥❤️‍🔥

PS Du treng ikkje vere sint altså, men det hjelper å ha øvd på det i trygge omgivelser med eit menneske som tåler sinnet ditt. Då vil du klare å vere tydeleg utan å skjelve i stemma etterpå!

Viss du føler at dette ikkje er di greie, håper eg uansett at eg har tent ei lita glød i deg, som gjer at du vil jobbe med å finne stemma di og sinnet ditt likevel. 

🩷klem frå Edith Birgitte

Eg har nyhetsbrev! OMSORGSPOSTEN🩷


Ifølge folk som les det, føles det akkurat som å få varme klemmar i innboksen.

I tillegg får du vite alt eg kan om eigenkjærleik og eigenomsorg, du blir først i køen når eg lanserer nye kurs, delesirklar, terapipakkar og liknande. Pluss du får gåver!

Fyll ut skjemaet til høgre, så får du Omsorgspost med gåver direkte til DI innboks!

Eg vil abonnere på Omsorgsposten!

Omsorgsposten er gratis, du kan melde deg av når du vil og eg sender ikkje søppelpost.