Ekte kvile

Feb 11, 2026

Kva i alle dagar er ekte kvile? Og kva skal vi med det? Korleis gjer vi det? Og korleis får du tid i den fullpakka timeplanen til noko sånt?

I blogg-serien EKTE KVILE, vil eg svare på desse spørsmåla. 

Først: kva er det? Enkelt sagt: ein pausemodus for hjerna. Du jobber, har ansvar og omsorg for barn og familie, du har hovudet fullt av bekymringer og uro og du tyr til mobilen eller anna type ytre stimuli (som tv, film, seriar, podkast, radio, gaming, etc.) når du skal slappe av. 

Det er som å gå på ein hard spinningtime når du skal restituere frå eit maraton. Ikkje særleg avslappande. Det meste som blir laga av ting å sjå og høyre på i dag, er spesiallaga for å booste dopamin i hjernen (som av åpenbare årsaker ikkje er kvile for hjerna), og for å halde oss pålogga. 

Når vi fokuserer blikket vårt på skjermen, sender vi signal til hjernen om at vi kan vere i fare. Dette iverksetter (eller ofte opprettheld) alarmberedskapen i kroppen. Og eg kan fortelle deg, at DET har ikkje kroppen din godt av. Det skal eg skrive meir om i neste del av denne serien.

 

Så kva kan du gjere for å gi hjerna og kroppen ei etterlengta pause? Her er mitt første av tre forslag i serien om Ekte kvile:

 

 

Sjå på natur

Eg prøver å sjå på natur i minst fem minutt kvar dag. Går eg tur aleine får eg dette gratis. Dei dagane eg ikkje får til tur, set eg klokka på nedtelling i minst fem minutt og ja, ser på natur. Det kan vere skyane på himmelen, fuglar som hentar mat i plenen eller på fuglebrettet, korleis vinden leikar i greinene på hengebjørka, blomster i hagen eller stua, eller eg studerer skalet på ei rotfrukt. Du kan sjå på kva som helst, så lenge det er i eller frå naturen.

Kvifor gjere dette? Fordi å sjå på mobilen når vi skal ha pause er som å sjå på tv, høyre på radio, lese ei bok, snakke med barnehagen og tenke på tannlegen samtidig. Ikkje særleg pausete for hjernen.

 

Vil du lese meir om dette? Abonner på Omsorgsposten, så får du beskjed om når eg publiserer den neste, og direktelink rett i innboksen din! Du får òg gåver og skikkelig god rabatt på EQ-terapiar!

Ta vare på deg sjølv, og gi hjerna di litt ekte kvile! 
🩷klem frå Edith Birgitte