Eigenomsorg for aktivisme

Nov 26, 2025

Kor stor del av budsjettet ditt går til velvære-produkt?

Produkt du føler du MÅ ha for at du skal føle deg bra nok, og føle deg fin nok?

Hårfjerning, sminke, smikefjerner, shampo, balsam, hårkur, hårmasker, ansiktsmasker, fotmasker, skrubber, stylingprodukt, pudder, såper, oljer og kremer, negler, bryn, penslar, fargar, skyggar, blyantar, syrer, hårfarger, rensekremar og renseoljer, lipliner, leppestift, antiaging ditt og rejuvinating datt, settingspray, forstørrelsesspeil, salver, filer, glosser primer, skrubb, kollagen, botox, peeling, pulver, krølltang, bølgetang, rettetang, extensions, fillers, osv. osv.

Det er mykje greier.

Som du ofte ikkje ein gong er klar over at du treng for å føle deg bra nok.

Velvære- og skjønnheitsindustrien er ein dollar-billionindustri av ein grunn.

Men sjå for deg dette:

Du bruker ingen pengar på å føle deg bedre...

Du bruker mindre tid på badet, fordi du føler deg bra sjølv om du har hår på leggane. Sjølv om bryna er bustete eller tynne. Sjølv om neglelakken flasser og etterveksten er lang.

💡 Ta deg eit minutt og sjå for deg korleis det ville vore.

💡 Ta deg eit minutt og tenk over kva det er som gjer at du føler du må passe inn i dei trange, firkanta ideala for korleis kvinner skal sjå ut.

Politisk aktivisme

Eigenomsorg har nemleg ikkje alltid vore knytta til forbruk. Grunnlaget er langt meir radikalt og høgst nødvendig.

I utgangspunktet var eigenomsorg eit medisinsk konsept. På 50-talet oppfordra legar pasientane sine til å spise bra og bevege kroppen for å bli friske eller for å forebygge plager.

Under borgerrettighetsbevegelsen i USA blei eigenomsorg ei politisk handling. Black Panther-partiet hadde gratisklinikker og program for sunn mat for å styrke det svarte fellesskapet mot systemisk undertrykking.

Leiarar, som Ericka Huggins og Angela Davis, brukte meditasjon og yoga for å opprettholde kampen for rettferd då dei var fengsla.

Rosa Parks praktiserte yoga for å bygge opp motstandskrafta ho trengte for å gjere det ho fekk til.

I kvinnebevegelsen har eigenomsorg styrka kvinner så dei har klart å navigere gjennom kvinnefiendtlege haldninger på arbeidsplassar, i helsevesenet og i samfunnet forøvrig.

Meeeen så..

Seint på 70-talet blei begrepet "velvære" introdusert frå skjønnhetsindustrien, som meir eller mindre tok over begrepet eigenomsorg.

Det var ikkje lenger politisk. Begrepet vart knytta til mainstream kommersialisme og kapitalisme. Og enda meir kvinneundertrykking i form av uoppnåelege skjønnheitsideal.

I dag er velværeindustrien verdt om lag ein tredjedel så mykje som det norske oljefondet, eller rundt 677 trillion dollar.

Ein skikkelig bra fuktighetskrem kan gjere underverker for sjølvtilliten når huda føles trang og tørr. 

Men det er nyttig å spør deg sjølv: Kva er det som gjer at eg har behov for å kjøpe og bruke akkurat dette produktet? Må eg ha det for å føle meg bedre?

Ikkje gløym at eigenomsorg er langt meir enn produkt du kjøper!

Meld deg på Omsorgsposten og få alle mine gentle life hacks for eigenomsorg! Du får små, enkle grep du kan gjere for å ta litt bedre vare på deg sjølv, utan at det blir nok eit utmattande punkt på den allerede stappfulle to-do-lista di 🩷

Omsorgstrøytt

Eg høyrer stadig fleire snakke om at dei er omsorgstrøytte. Dei er drita lei av å hjelpe ungane med alt mogleg, dei er lei av å passe på at mannen har reine klede, dei er trøytt av å ta vare på sine eldre og pleietrengande slektninger som ingen andre ser ut til å bry seg om.

Kva er det som gjer at dei er så trøytte? Eg trur det er fordi ingen tek vare på dei, og fordi dei ikkje tek seg tid til å ta vare på seg.

Vi høyrer jo heile tida at når vi tek vare på andre, så får vi det bedre med oss sjølv. Men eg trur det er bullshit.

Balanse

Kun når vi klarer å balansere kvile og handling, omsorg og eigenomsorg, glede og raseri, kan vi få det bra med oss sjølv. Og når vi har det bra med oss sjølv, då kan vi utrette mykje bra for samfunnet.

Og det som påvirker ein av oss, påvirker oss alle på ein eller anna måte - sidan alt heng saman med alt.

Vis kjærleik og omsorg til deg sjølv først, og til dei rundt deg når du har styrke og overskudd til det.

Til neste gong, ta vare på deg sjølv! Vi treng deg fylt heilt opp.

🩷leg helsing Edith Birgitte