Som mor i 2026 har du meir ansvar enn nokon mødre før deg.


Eg meiner det.

Du har tilgang på alt for mykje infomasjon. Du har høge ambisjoner for ungane dine. Og når du veit bedre, MÅ du gjere bedre. Du klarer ikkje la vere. Sjølv om du blir overvelda av det. 

Samtidig må du ivareta ditt indre barn, som skrik etter omsorgen du aldri fekk då du vokste opp. Du må ta vare på deg sjølv og sørge for at du har overskudd til å fortsette å vere flink til alt.

SAMTIDIG må du oppdra foreldra dine til å forstå at når ungen ikkje vil ha klem, så kan dei ikkje trenge seg på, at leverposteien og posesuppene i dag ikkje er det samme som då du og dei vokste opp, og at det faktisk er skadelig for dei å få is og snop fleire gonger om dagen på daglig basis. 

Ja, og i tillegg skal du jo berre:

  • Jobbe 100 % og helst litt ekstra. Og helst i eit yrke kor du ikkje får hjelpe dei du utdanna deg for å hjelpe, fordi dei som styrer syns pengar er viktigare enn mennesker.
  • Ha ansvar for minst 50 % av husarbeidet, og ta ansvar for at det blir rettferdig fordelt mellom deg og mann/partner.
  • Ha ansvar for 100 % av det emosjonelle omsorgsarbeidet for ungane dine og mann/partner/venninna/nabokona/foreldra dine/sjefen og alle andre som dumper problema sine på deg, fordi du er så jævla omsorgsfull og redd for å avvise andre.
  • Lære alt du må kunne for å gi ungane dine best mulig kvalitet på oppvekst, kosthold, leiker, skjermtid,
  • Holde deg i form.
  • Ta vare på eventuelle kjæledyr.
  • Dyrke eigen mat i hagen.
  • Handle rett frå bonden.

Det er ikkje rart du er sliten. 

Eg kan ikkje gi deg fri frå alt dette. Men eg kan gi deg Søsterskapet.

Eg kan gi deg

- følelsen av å ikkje vere så jævla aleine heile tida.

- følelsen av tilhørighet. Av å kjenne at det kribler bak knea fordi nokon fortel noko som du kjenner deg SÅ igjen i at du nesten vil rope EG OG! EG OG!

- ein time i veka med fri frå resten av familien. Dette er faktisk så viktig for deg, at du kan sei til familien at du ikkje kan bli forstyrra, og overlate legging til den andre forelderen (viss du har ein).

- trygge rom i Live møter og privat Telegram-kanal. Del dine frustrasjonar, klag til du blir flau og grin til du skammar deg så voldsomt at vi andre ser kor vondt du har det, og seier at vi ser smertene. Få det ut, seier vi. Det er ikkje rart du er sliten. Og så sender vi hjerter og sverd og flammer, fordi vi ser kor sterk du er.

Dette rommet er samtidig så trygt at når du seier at du vil knuse patriarkatet, vinne NM i styrkeløft eller jobbe for å forby Apple-produkt i den norske skule, så står gjengen klar for å støtte deg.

Eg har sjølvsagt tenkt på personvern, les meir om det i kjøpsvilkåra. Link finn du inne i check-out.

Prøv ein månad.

Kanskje er det ikkje noko for deg. Kanskje finn du ein plass du kan blomstre og vekse deg så stor og vakker at ingen kjenner deg igjen. Kanskje lager vi revolusjon. Kanskje blir du berre litt lettare i kroppen. Kanskje får du den støtta du treng til å komme deg ut å gå tur så ofte som du vil, og treng.

Søsterskapet har uendeleg med potensiale. Men du må vere med for å skape det. Meld deg på her:

Søsterskapet

Månedlig betaling for medlemsskap i Søsterskapet, eit digitalt fellesskap for mødre som treng ein gjeng.

99,00 NOK hver måned

Her kan du sjå fleire detaljer og mine tankar bak Søsterskapet.

 

merk at pris på meldemsskap er endra.

Treng du nokon å snakke sant med?


Kanskje veit du ikkje heilt kva som er sant for deg? Kom inn i Søsterskapet og del alle dine lause trådar, så kan vi saman brodere dei saman til den du vil vere. Den ekte deg.

Kanskje veit du kva du vil og kva som er sant - men det er umulig for deg å holde fast i det.

Fordelen med fellesskap er støtte og forsikring om at du er på rett veg.

Fordelen med fellesskap er mulighet for speiling, nokon som undrer seg og som kan tilby andre perspektiv, dersom du føler at alt blir feil.

Eg vil bli medlem

Møtetidspunkt: 
Partalsveker: måndager kl. 11-12
Oddetalsveker: onsdager kl. 19-20
Kvar 4. laurdag frå 3.oktober: kl 12-13

Telegram:
Modererte private kanalar, som Introduksjon, Til terapeuten, Feiring, Spørsmål og Åpen chat. Der kan du chatte med dei andre mødrene i Søsterskapet. Dele dine sorger og gleder og frustrasjoner. Spesielt tilegna deg som ikkje har anledning til å komme på live-møta.

Pris på meldlemsskap:
kr 99,- per mnd. 

digitalt fellesskap

for ambisiøse mødre som treng andre mødre som tåler at dei berre grin eller at dei vil noko, men sitt fast i gamle mønster.

regelmessige møter

med andre mødre som vil ha folk dei kan lene seg på, som treng å bli tålt når dei har store følelsar og ukonvensjonelle meininger.

ein gjeng

som dreg deg opp av sofaen når du seier at du vil opp av sofaen, og som sjekker inn så du slepp å ta heile kampen aleine.

Dette får du i Søsterskapet: 

 

Ein trygg plass du kan dele opplevelsane dine med nokon som har gått gjennom noko som ligner, og kjenner seg igjen i følelsane, tankane og bekymringane.

Søsterskapet er landsbyen du har lengta etter når du har bekymra deg om prikkane minstemann plutseleg har fått i panna, når du ligg våken om natta og lurer på om du kanskje er hysterisk som reagerte så voldsomt på at mannen ikkje var ærleg om kor han hadde vore, når du plutseleg har grønn urin og faktisk litt vondt der på høgre side av livmora og blir livredd og tør ikkje google og aldri i verden vil spør KI om kva som skjer. Søsterskapet har ikkje alle svara, men vi vil alltid lytte til bekymringane dine.  

Søsterskapet er for deg som vil vere endringa du vil sjå i verda!


Søsterskapet er ein plass der raseri blir til handling.

Der skam forvitrer.

Der frykt blir til mot.

Kor sorg blir til styrke.

I Søsterskapet bygger vi sjølvbildet ditt ved å la deg snakke sant, vise ditt innerste og vere heile deg. 

Som menneske er du ikkje skapt for å leve aleine. Kroppen din er laga for å leve side om side med andre menneskekroppar. 

Du er opplært til å regulere deg med dopamin, men det gjer deg meir inneslutta og fjerner deg frå fellesskapet du treng. Som kvinne treng du å bli regulert med oxytocin, og det får du når du er ilag med andre kvinner som vil deg vel. 

Kjernefamilien har fjerna dette frå oss, og har gitt oss fleire generasjonar av bitre og ensomme mødre som skammar seg meir enn dei ler.

Du som er mor treng andre mødre som vil deg vel, for å få dekt nokon av dine mest grunnleggande behov:

trygghet og tilhørighet

Ideelt sett skulle vi hatt fysiske møter. Men det viktigste er å treffe likesinna, å ha ein plass det er trygt å snakke sant og føle seg som ein del av noko som er større enn seg sjølv.

Derfor blir Søsterskapet til i digitale møter.

Bli medlem før 18.oktober

Søsterskapets første 3-månaders-periode stenger 18.oktober.

Neste åpning blir rundt nyttår, og åpner i midten av desember.

Blir du med denne gongen blir du "founding member" og får best pris og størst påvirkningskraft på korleis Søsterskapet skal vere.

Eg vil bli medlem