Søsterskapet medlemsskap
Månedlig betaling for medlemsskap i det digitale fellesskapet Søsterskapet.
Les kjøpsbetingelser her før du legg inn bestillinga di.
Søsterskapet er ein trygg delesirkel, som holdes av relasjonsterapeut Edith Birgitte Ludvigsen Sveinsvoll. Mitt mål med dette fellesskapet er å redusere skammen din, auke aksepten din for alt du ikkje kan endre og styrke sjølvbidet ditt. Slik at du kan leve eit friare liv, så du kan leve dei endringane du vil sjå i verda og slutte å vere så jævla redd for å vere ditt unike, fantastiske sjølv.
Kom og ver rar, dust, breial, høglytt, gråtkvalt, rasande - kom med alle følelsane og meiningane dine. Kom med ensomhet, kom med ambisjonar, og del med dei andre mødrene.
Søsterkapet vil vere den emosjonelle støtta du aldri vil få frå mora di, partneren din eller den sjølvopptatte venninna di.
I tillegg til digitale møter, har Søsterskapet ein privat kanal i Telegram, kor vi kan dele både skriftlige og i talemeldinger.
Digitale møter for deling og drøs:
- måndag i partalsveker, kl 11-12
- onsdag i oddetalsveker, kl 19-20
- kvar fjerde laurdag frå 3.oktober, kl 12-13
Saman er vi mindre aleine.