På kafe, ser til sida

Når søvnen uteblir

Oct 05, 2025

Omsorgsposten i styggevêret

No har kjerna av uvêret Amy reist vidare nordover, og vinden har løya rundt husveggane her i Ekornvegen. Aronia-hekken har mista det meste av dei vakre raude blada sine. Tujahekken som omkranser deler av hagen vår, har felt masse visna smågreiner. Dei har lagt seg som eit tjukt oransje teppe rundt kanten av plenen. Eg elsker haustfarger blant alt det grøne i hagen, så eg klager ikkje.

Eg delte på story på Instagram fredag kveld, at eg ikkje var redd for kraftige vindstyrkar, fordi huset er gammalt og har stått stødig i mang ein storm og orkan i over 50 år, og at eg følte meg heilt trygg før eg skulle legge meg. Men då eg kom meg i seng, alt for seint (fordi eg blei sittande å sjå ferdig Ikkje lov å le på hytta på vgtv), så fekk eg ikkje til å sove.

Eg hadde rett nok sove 11-12 timar natta før (eg gjer det innimellom, kan anbefalast!), men eg bruker vanlegvis å klare å sovne når eg føler meg så trøytt som eg gjorde i går kveld. Så då blei det litt sukking og makking på meg, før eg kom på at eg har jo mange gode verktøy som hjelper meg å roe ned, både i tankar og i kroppen.

Eg starta med å puste 4-7-8-pust. Den metoden går rett i vagusnerven og får aktivert det parasympatiske nervesystemet. Og det får kroppen til å roe seg. Gå i den såkalla rest and digest-modus. Mange av oss oppheld oss for lite i denne modusen, og suser rundt med stress og tankekjør, fordi vi har for mykje å tenke på. 4-7-8-pust gir ei deilig god pause frå stress-modus, og gjer meg roleg nok til at eg stort sett klarer å falle i søvn.

Slik gjer du:

Pust: 4-7-8-pust betyr heilt enkelt at du puster inn medan du tel til 4, held pusten og tel til 7, puster ut medan du tel til 8. 

  • Finn ei komfortabel sittestilling (ligg viss du skal sovne), og plasser tungespissen rett bak øvre fortenner.
  • Først tømmer du lungene heilt for luft.
  • Pust deretter roleg inn gjennom nasen i 4 sekund.
  • Hald pusten i 7 sekund.
  • Pust kraftig ut gjennom munnen medan du lagar ein «whoosh»-lyd i 8 sekund.
  • Gjenta opptil 4 gonger.

Tell ca eitt tal per sekund, men det er ikkje så viktig.

Viss det ikkje får deg til å bli søvnig nok, har eg ein backup-metode som fungerer minst 9 av 10 gonger. Eg har ikkje noko namn på den, men eg finn eit ord, helst eit kort ord, ofte eit eg har tenkt på i løpet av dagen.

For eksempel FLY. Så tek eg for meg første bokstaven, F, og prøver å komme på så mange ord som startar med eller har bokstaven F i seg. Flyplass, flygeleder, flykoffert, fluor, fantastisk, fink, fjert, finale, faktor, faktorisering, osv. For å finne ord, bruker eg å finne på ulike kategoriar eg skal finne ord innan, for eksempel ting som har med bil og gjere (Ford, Fiat, Focus, femtegir, femseter, femdørs, forgasser, formel 1, formel 2, formel 3..), geografi (fransk, Frankrike, franskmann, franske pannekaker, Finland, Frankfurt, Fredrikstad..), eg kan finne ord på alle mulige språk.

Det er òg mulig å dikte opp ord, men då mister metoden litt av hensikta si, som er å gå vekk frå fantasi-delen av hjernen og over i logikk-delen. Det gjer at kroppen kobler seg av følelses-delen av hjernen (den hjerna vår har jammen mange delar!!), slik at kroppen blir roleg nok til å klare å la deg sovne.

Når eg ikkje kjem på fleire ord på den første bokstaven, går eg vidare til den neste og gjer det same: finn på ord på bokstaven L. Eg har til dags dato aldri komt meg vidare frå bokstav nummer to, for metoden er så innmari effektiv for meg.

Eg har skrive om denne ord-metoden i e-post eg har sendt ut før, og 4-7-8-metoden har du fått som del av mine gentle life hacks, så du har muligens lest om dette før. Eg håper du tåler repetisjon av gode metodar, {{first namne}}. Eg veit sjølv kor lett det er å gløyme, og eg gjer det kun av omsorg for deg!

Eg sovna til slutt, og våkna og sovna igjen fleire gonger i løpet av natta. Og eg fant tryggleik i stødig hus, og eg fant tilbake til søvnen i roe-ned-metodane mine.

Har du forslag til kva eg kan kalle metoden med ord, vil eg gjerne høyre! Send meg ein epost på [email protected] eller DM meg på Instagram.

Sov godt, og ta vare på deg sjølv!
🩷klem frå Edith Birgitte