Eg føler meg litt som Jesus
Nov 04, 2025Eg skal ikkje skryte på meg verken mirakel eller helbredande evner (sjølv om eg HAR blitt anklaga for å vere synsk..).
Men nokre likheiter er det mellom meg og Jesus. Eg har ikkje blitt stormannsgal eller psykotisk, og dette er absolutt ikkje meint som blasfemi. Eg vil berre peike på det eg ser vi har til felles, eg og Kristus:
🌟 verken eg eller han er særleg imponert av religiøse leiarar og farisearar.
🌟 vi vil begge halde oss med vanlege folk.
🌟 vi ser begge på folk som ofte blir utstøtte, som likeverdige.
🌟 vi vil begge hjelpe folk til å få det bedre med seg sjølv.
🌟 vi trur på tilgivelse.
Eg prøver ikkje å sei at eg er verken fantastisk eller sjølvoppofrande, at eg er noko slags messias.
Men mitt høgaste mål i livet er å hjelpe folk til å få det bedre.
Størstedelen av livet mitt har eg levd utan at andre har stått opp for meg. Som barn, ungdom og vaksen. Første gongen eg skulle gjere det i terapi, visste eg ikkje kva eg skulle sei, eg fann ingen ord, ingen styrke, ingen eigenverdi. Heldigvis hadde eg terapeuten ved mi side, som hjalp meg med å finne det.
I barndommen og ungdommen levde eg med stress i eigen heim. Eg visste aldri når ubehag ville oppstå, eller når neste ubehag dukka opp. Eller kva som gjorde at ubehaget oppsto. Eller korleis. Eller kva eg kunne gjere for å unngå at det skjedde. Det einaste eg var heilt sikker på, var at det ville komme. Og ofte kom det når eg hadde slutta å tenke på det.
Og gjett korleis kroppen min fekk det i sånne omgivelsar.. Anspente musklar, smerter, irritabel tarm, dårleg sjølvbilde, ingen tru på eigne evner, imposter syndrome. Blant anna.
Heldigvis fann eg EQ-terapi etter at eg hadde blitt mamma. Det blei mi redning, for eg var framleis livredd for det samme ubehaget. Frå inni meg sjølv.
Eg har heldigvis sluppe unna. Og ungane mine har sluppe unna.
Eg fekk ein indre revolusjon. Og mykje har skjedd fordi eg har jobba med å utvikle min emosjonelle intelligens:
🥰 Eg har lært at for å dømme andre mindre, må eg dømme meg sjølv mindre.
🥰 Eg har lært å snakke ut ifrå meg sjølv med personleg og konflikthemmande språk.
🥰 Eg har lært at alle mennesker er likeverdige, men ikkje alltid likestilte (for eksempel har vaksne meir ansvar enn barn).
🥰 Eg har lært at veldig mange lever i ei offerrolle, ofte utan at dei er klar over det.
Og eg har lært meg å stå opp for meg sjølv. For kva kan vi gjere når ingen hjelper oss? Jo, vi må gjere det sjølv.
Når mannen ikkje kjøper blomster til oss på morsdag? Då kjøper vi det sjølv (den flottaste buketten, på felleskortet, sjølvsagt! 🤗)
Når kollegaen dynger oss ned med oppgåver sjølv om han veit at vi allerede er overarbeida? Då fortener vi at vi klare å sei nei.
Når idiotar snik i køa på butikken, så er det vår plikt å sei ifrå. Ellers vil dei faktisk aldri lære at det ikkje er greit å skyve seg sjølv framfor andre.
Når folk kommenterer kroppen til babyen, som enten er litt liten, god og rund eller veldig lang, då fortjener dei ein vaksen som seier ifrå at vi har slutta å kommentere andre folk sine kroppar. Uansett alder. Ellers vil vi aldri få slutt på det!
Men treng alle å gå tre år i EQ-utdanning for å klare å stå opp for seg sjølv?
Nei.
(sjølv om eg er overbevist om at verda ville blitt så mykje enklare å leve i viss alle gjorde det)
Vi treng å føle det i heile kroppen vår at vi er verdt å stå opp for.
Korleis? Ein god start å øve på å gi oss sjølv omsorg!
I dag har eg kokt meg ein kopp med varmt vatn og tent lys på kontoret mitt. Og eg har skrive morgonsider. Eg gjer dette for å nære meg sjølv. Eg har valgt tre ting, og gjort dei kun for meg.
Og no valgte eg å blogge som nummer fire. For det gir meg stor glede å få dele om eigenomsorg og emosjonell intelligens. Det får meg til å føle at eg hjelper folk. Og folk kjem til meg og fortel korleis dei har endra livet sitt litt for å få det litt bedre etter å ha lest noko eg har delt på internett. Og akkurat derfor føler eg at eg kan sei at eg er litt som Jesus! Haha, neida, eg skal slutte med det no. Kanskje..
Men eg VIL styrke meg sjølv, så eg kan styrke andre, slik at dei kan styrke seg sjølv, og dermed styrke andre. Eg føler ikkje at eg ofrer meg på noko kors, for dette, men eg føler at Han òg ville at "småfolk" skulle ha meir makt i samfunnet.
Tenk for ein snøball det kan bli! Det blir ein liten revolusjon av styrking av alle slags folk, slik at vi kanskje kan bli kraftfulle nok ilag til å stå opp imot dei høgreradikale kreftene og dei styrtrike. Akkurat dei treng meir motstand, syns eg.