Edith Birgitte Ludvigsen Sveinsvoll EQ-terapeut

Jenter som er redd for andre jenter

Sep 08, 2025

Eller kvinner som er redd for andre kvinner. Jenter som er redd for andre kvinner. Kvinner som er redd for andre jenter. Stryk det som ikkje passer. Men eg trur kanskje alt kan passe for nokon.

 

Kjære deg som les dette: takk for at du kjem innom her for å lese det eg skriv. Det er derfor eg skriv. Fordi du vil lese. DU er mi drivkraft.

 

Eg har i perioder i livet tenkt at eg var heldig som hadde gutar å henge med, for dei er så enkle, så ukompliserte. Kommunikasjonen, humoren, forventningane, levesettet. Veldig mange som har vokst opp om lag på samme tid som meg, har vokst opp med utsagnet «kvinner er kvinner verst», og at "sannheiter" som at to jenter kan vere vennar, men viss det er tre, så blir det berre bråk, og at jenter alltid baksnakker kvarandre og blir sjalu. 

Den av oss som har høyrt ein gut eller mann sei "Du er ikkje som dei andre jentene" og ikkje tolka det som eit kompliment, kan kaste den første steinen...🥲

Det kan sikkert vere sant at jenter ikkje alltid kan vere bestevenner. Og når vi høyrer noko ofte nok, så blir det til ei sanning uansett. Og eg har trudd på det. Men eg har òg opplevd det motsatte. Då eg gjekk på ungdomsskulen og vgs, hadde eg ein jentegjeng. Vi stilte opp for kvarandre, likte den samme musikken, likte å henge, forelska oss aldri i dei samme gutane og delte alle hemmelegheitane. Det var masse trøbbel og greier som vi strevde med, som vi sto sammen om. Nokre gonger handla det om andre jenter, men nesten alltid handla problema våre om gutar eller menn.

Eg mistenker no, når eg straks fyller førtifem, at desse utsagna om at kvinner og jenter ikkje kan samarbeide eller gå overens med kvarandre, er patriarkatets fortelling, for å sørge for at kvinner ikkje samlar styrker og knuser heile mannesystemet vi lever under i dag.

Tenk om kvinner hadde vokst opp med ei fortelling om at vi er like sterke som gutane, vi er sterke saman og at vi er best i verda på samarbeid (det er faktisk sant, kvinner samarbeider tradisjonelt sett til og med når vi konkurrerer!). Det ville fått patriarkatets maktmenn til å skjelve i buksene. Garantert.

Og før du begynner å mase om at «patriarkatet finst ikkje», for skulen er laga for jenter, menn tek meir sjølvmord, menn får nesten aldri foreldreretten når dei blir skilt, det er aller flest menn som døyr i krig. Bla bla bla. Ikkje at det ikkje er sant, det er jo det. Men eit patriarki er eit system kor menn har majoriteten av den økonomiske, sosiale, politiske og personlege makta, og har du gode argument mot det, så kan vi snakkast. Sånn vil det kanskje alltid vere her i verda, all den tid menn er overlegne når det kjem til fysisk styrke? Eg veit ikkje.

Men så lenge ungane våre veks opp med sannheiter som at menn er fysisk og mentalt sterkare, meir eigna til å leie, at menn er mindre emosjonelle, og ikkje minst at dei les om alle menns bragder i historiebøkene (og at kvinner laga mat og fødte barn), så vil patriarkate leve vidare. På godt og vondt. Og nesten berre vondt for alle oss som ikkje er steinrike maktpersonar (samanlikna med korleis det er for dei som er steinrike maktpersonar).

Men eg har møtt SÅ mange sterke, støttande og strålande kvinner i mitt liv!

Eg hadde jentegjengen min, eg har med få unntak kjent på støtte frå andre kvinner, spesielt dei som har vore over meg i jobb-hierarkiet. HR-sjefen i Coop Møre tok meg inn under vingen sin då eg delte mine opplevinger om baksnakking på jobb i ferskvaredisken på Mega i Ålesund. Eg hadde ei kjerne av fabelaktige kvinner rundt meg då eg studerte til eit mannsdominert yrke. Smarte, hardtarbeidande, omsorgsfulle kvinner som alle på sitt vis var grunnar til at eg klarte meg gjennom studiet. Begge mine regionsleiarar i Big Bite hadde ryggen min på alle mulige vis, då eg dreiv mitt eige utsalg. Mine kontorkolleger i AKVA group, som har vore der for meg gjennom tjukt og tynt. Kvinnekoret eg sang i, spesielt kvinnesakskvinnene i alt-rekka, som, sikkert heilt ubevisst, omvendte meg, eller i alle fall vendte blikket og sinnet mitt i retning feminisme og kvinnekamp.

Og internett, med sjefsheksa Ida Jackson som midtpunkt, i alle fall dei siste åra, har overbevist meg om at kvinner faktisk er kvinner best! Ho og alle kvinner i hennar krins auser av sin kunnskap. I den trygge sirkelen Ida lager rundt oss, deler kvinner ord og opplevinger frå sin kropp, som treff midt i min kropp. Der støtter og heier alle på alle (det føles i alle fall sånn) og det viktigste blir at ikkje berre sinte, rabiate og/eller kvite menn, som er dei som per i dag får plass på internett, men at sinte, rabiate, fornuftige, stille, rolege, ærlege, fine, stolte kvinner òg får den plassen vi fortjener. Kvinner løfter kvinner!

Og sist, men ikkje minst, gjengen min på EQ. Eller rettare sagt, gjengane mine. Der du deler av ditt indre med andre, der treff du folk rett i hjertet, og blir truffe rett i hjertet av andre sine historier, og kvinnene eg har møtt i undervisningsrommet på EQ Institute Stavanger har eg fått følelsen av å ha kjent heile livet. Så nære kvarandre har vi komt.

 

Men, tenker du kanskje. Kva med mor mi? Ho har ikkje støtta meg, ho har berre kritisert, stukke meg der ho veit det gjer aller vondast.

Mange har vokst opp med slike mødre. Som har levd i offerrollen, vore bitre og giftige for sine døtre. Dei har nok absolutt gjort så godt dei kunne. Men det har ikkje vore bra nok for døtrene. Og kanskje har døtrene blitt som mødrene sine. Bitre, giftige, kritiske. Og der har du grunnen. Slik atferd går nemleg og i aller høgaste grad i arv. Ingen mødre blir slik utan dei sjølv har vokst opp med ein kvinneleg omsorgsperson som har vore sånn.

I alle fall om vi ikkje er bevisste.

Og det er det vi må vere. Det er det vi må bli: bevisst. 

I dagens samfunn går ALT for mange rundt i ei blanding av overveldelse, einsemd og skam, og trur at alle andre lever så fantastiske liv, det er berre eg som ikkje får til, det er berre eg som strevar. Og vi tek inn milliardar fleire inntrykk enn vi er skapt for, og vi trur at alle andre er viktigare enn oss sjølv, så vi tek vare på alle andre. Og let oss sjølv gå for lut og kaldt vatn. Og finn overlevelsesstrategiar og verneskjold som ikkje gagnar nokon. 

 

Men korleis kan vi klare å bli meir bevisst?

Vi kan prøve å:

1. legge vekk mobilen meir. Litt eller mykje. Periodisk eller fast. Men gi hjerna pause frå alle inntrykka. Når du venter på bussen eller på legekontoret, når du har pause på jobb, på kvelden når ungane er langt, før ungane står opp om morgonen. Det er ikkje lett, men viss du har ein strategi, så får du det til. 

2. lese meir bøker og mindre på skjerm (kindle og sånt inngår i bøker). 

3. meditere med eller utan guiding. 

4. bevege på kroppen. Kroppen din er til for å brukast, ikkje for å sjå bra ut. Kroppen skal bere deg og dine indre organ og tankar heilt til du døyr, så ta godt vare på den. 

5. snakke med andre kvinner, gjerne dei som er i om lag samme situasjon som deg. Er du småbarnsmor, snakk med småbansmødre. Er du frivillig barnlaus, snakk med andre frivillige barnlause. Og snakk med kvinner som er mykje eldre enn deg og dei som er mykje yngre enn deg. Du kan lære og lære vekk mykje nyttig!

6. (og så ei overrasking sidan det kjem frå meg): gå i terapi. Når vi havner i overveldelse, er det ofte fordi vi ber med oss gamle sår og historier, for blir truffe av for mange av inntrykka vil omgir oss med. Og då havner vi veldig lett i traumerespons, du veit fight, flight, freeze, fawn eller flop. Det skjer utan at vi merkar det, og då blir det ekstremt vanskeleg å komme oss ut av. Dess fleire sår vi får lukka i terapi, dess færre blir treft av ytre inntrykk, og dess meir bevisst kan vi vere.

 

Eg tilbyr tre ulike metodar til deg som kjenner at du vil auke di bevissthet:

✨ Eg har litt ledig kapasitet og nokre gratis terapi-timar ledig, så gi meg ein lyd, så kan vi sjå om vi finn nokre sår i deg, som eg kan hjelpe deg å lukke. Spesielt for deg som lever med sår frå mora di, eller som har levd med oppfatning om at andre jenter og kvinner er skumle, og helst bør unngås. Eg har verktøya som skal til for å hjelpe deg.

✨ Vil du prøve deg litt på eiga hand, kan du registrere deg som mottakar av Omsorgsposten, så sender eg deg mine ti gentle life hacks = små, enkle grep du kan ta, som gjer deg litt meir glad i deg sjølv og som styrker deg i trua på at du er verdt å bruke tid på.

✨ Og viss du trur at å dele av ditt indre i ei gruppe av trygge, likesinna og ikkjedømmande mennesker er di greie, så må du i alle fall melde deg på Omsorgsposten, for der kjem det snart informasjon om både nettbaserte og irl-delesirklar (her i Jæren-området). Det blir så bra, for kvinner som deler med kvinner har det bedre, både med seg sjølv og andre, og eg vil til og med påstå at dei lever lengre enn dei som ikkje gjer det! Du vil ikkje gå glipp av dette!!

 

Eg håper du vil følge med meg vidare, enten her, via Omsorgsposten eller på instagram, for du som syns det eg skriv om er interessant, så vil eg dele mykje meir framover i tid! Både i tekst-format, i form av kurs, delesirklar med mykje meir. Eg gleder meg masse til å vise deg alt eg har planlagt!

 

🩷klem frå Edith