Frøet som blei sådd på stille retreat

Oct 08, 2025

I sommar var eg på stille retreat i regi av Mindfulness Norge. Fire heile dagar og to halve, utan å snakke med andre. Ingen augekontakt, måltid i stillhet, litt undervisning, masse yoga og enda meir meditasjon.

Eg har aldri vore med på noko liknande før, så forventningane var få. Eg tenkte det nok ville bli tungt å ikkje ha kontakt med familien og andre. Kanskje ville eg få skjerm-abstinenser? Eg trivast jo i eige selskap, i eigen fantasi, og hadde trua på at det skulle nok gå bra. Eg slo av telefonen, og leverte den til oppbevaring med skjelvande hender.

Retreaten vart både utmattande, utviklande og utkvilande på same tid. Skjerm-lengselen vart det minste problemet.

Eg opplevde blant anna at eg blei irritert på han som leia meditasjonane: mindfulness-guru og tidlegare buddhist-munk, sjølvaste Viggo Johansen. Eg hadde null erfaring med denne typen meditasjon, men visste at kroppen min ikkje er så glad i å sitte i same stilling over tid.

I ei av dei første undervisningane leste Viggo opp ein lapp, der det sto kor smertefullt det føltes å sitte stille i 45 minutt. Bokhvete, som er fyllet i putene dei fleste sit på når dei mediterer, kjennes som sement etter så lang tid, hevda lappe-skrivaren. Eg er heilt enig. Han svarte blant anna at "det er i smerter at åpenbaringane kjem."

...

Det fekk meg til å tenkte på graviditetane mine. Bekkenbunnssmertene og utmattelsen eg levde med i dei periodene. Mine to fødslar, den eine lengre, vondare og meir strevsom enn den andre. Og ikkje minst smertene eg kjente av å miste dei to ikkje-levedyktige potensielle barna mine.

Eg veit altså svært godt kva langvarige smerter kan gi meg av åpenbaringer. Så eg dreit i guruen, og justerte deretter sittestilling når eg følte for det, medan eg skulte bort på han. Kva veit vel han, mannen, om smerter!?

(han tok det heldigvis med eit smil, og det såg ut som han skjønte kva eg snakka om, då eg fortalte om desse tankane i utmeldinga, etter at stillheten blei brutt)

Eg øydela kanskje effekten av meditasjonane, men eg klarte ikkje finne stillhet i sinnet mitt likevel. Tankekjøret var akkurat som det bruker å vere.

Retreat-veka var kontrastenes veke. Under eine yoga-timen, gjorde vi litt andre greier i tillegg. Qi gong, trur eg det starta med. Vi skulle hente energi frå jorda, løfte energien opp mot himmelen, og så dytte den tilbake til jorda med eit stønn. Det var herleg å få lage litt lyd igjen!

På slutten av økta gjorde vi riste-øvelser, også desse blei vi oppfordra til å gjere med lyd. Vi sto lett breibeint, og rista på armer, bein, kroppen, ansiktet, hovudet, brysta, rumpa, magen, heile kroppen. Yoga-læraren lokka fram ur-brølet i oss. I alle tredve deltakarane som var samla i gymsalen. Lydane runga gjennom lufta og gjennom heile kroppen. Som på ein konsert med tung basstromme rista det meg i hjertet.

Tidlegare på dagen hadde vi hatt ein guida sansetur i hagen rundt skulen vi budde på. Vi gjekk først som ei lang, lang åme, og vi gjekk og stoppa sånn delvis i takt. Snuste på jord og smakte på gras (dei som ville det). På slutten skulle vi vere ein saueflokk, og stå tett inntil kvarandre. Vi var sånn passe flinke til å vere sauar.

Vi holdt flokken relativt samla, men var visstnik den flataste saueflokken sansetur-instruktøren hadde sett. Det blei mykje latter i flokken.

Det var då eg merka kor einsam eg var. Tårene pressa på og eg klarte ikkje holde igjen. Følte eg ville bli tålt viss nokon såg det. Eg hadde på caps, og sjølv om eg har jobba masse med meg sjølv og følelsane mine, så syns eg framleis det er vanskeleg å gråte framfor andre. Spesielt framande. Det er ganske internalisert i meg, at gråting det skal skje bak ei lukka dør, i einsemd. Viss eg grin framfor andre føler eg meg til bry. Eg vil ikkje at andre skal føle ubehag fordi eg ikkje har kontroll.

Tenk, eg som har jobba med historia mi i over tre år, og er utdanna EQ-terapeut! Eg har fått diplom og allslags! Burde eg ikkje ha komt lenger enn det!?

Neida. Sånn er det. Alt det vi har lært i barndommen kan sitte så hardt, at det kan ta mange år og mykje hardt arbeid å lage seg nye måtar å handtere livet på. Og så hardt sit dei i meg, desse følelsane av å ikkje ha lov til å vere heile meg, med alle mine følelsar.

Eg har heldigvis funne mange folk og rom som er trygge nok til at eg slepp følelsane ut. Og livet generelt er langt enklare for meg å leve i dag enn det var for berre få år sidan. Eg har blitt kjent med mønstera mine, eg har sett grunnane til at eg gjer som eg gjer. Og når eg veit det, kan eg lettare komme meg ut av dei destruktive mønstera mine.

Det blei ikkje noko særleg av den grininga i «saueflokken». Der kom mange komiske brekelydar frå dei andre deltakarane, at eg heller lo så eg nesten tissa på meg av det heile. Kontrastene vart enormt store denne veka!

Men.. Tårene kom tilbake i riste-øvelsen vi gjorde kort tid etter. For å sei det mildt. Eg kjente på den varme følelsen av fellesskapet blussa opp i meg igjen, av den gode enerigen, latteren, lydane, ristinga, at alle gjorde det same. Og at vi saman, endeleg, fekk ei anledning til å lage lyd i all denne stillheita!

Tårene strøymde ukontrollert nedover kinna mine der eg sto og vibrerte i heile kroppen. Eg snørra og eg hulka, og då dei andre pakka saman og gjekk for å ete middag, vart eg sittande på matta mi, framoverbøygd med ansiktet i hendene, og lot tårene renne og kroppen riste vidare.

På stille retreat er regelen at alle tek ansvar for seg sjølv. Ein må sjølv ta kontakt med mindfulness-instruktørane ved behov for nokon å snakke med. Akkurat då hadde eg helst trengt at nokon kom og strauk meg over ryggen og spurte om eg ville ha ein klem. For det lengta eg så jævlig etter der og då.

Tidlegare i retreaten, under ein meditasjon den andre dagen, kom òg gråten til meg, i form av sinne. Men då klarte eg å gi meg sjølv ein mini EQ-terapi, kor eg kjente etter kor følelsen satt i kroppen, såg kva farge den hadde, kor stor plass den tok, at den hadde fast form og at den trykka meg i mellomgolvet. Eg fekk opp nokre minnebilder som eg kunne gå inn i og gi meg sjølv omsorg, og såg for meg at eg sa ifrå til personen som godt kunne gitt meg omsorg i dei situasjonane, at eg syns det var dårleg oppførsel, og at eg forventa bedre. Fordi eg fortjente bedre. Då klarte eg altså å ta vare på meg sjølv, og gi fortids-meg sjølv det eg hadde trengt, og ta meg ut av hendinga og til ein trygg plass. Akkurat slik vi bruker å gjere det i EQ-terapi.

Men der på matta, fekk eg det ikkje til. Det var for vondt, eg var for einsam, og eg klarte ikkje å hjelpe meg sjølv, eg fant ikkje konsentrasjonen. Så eg lot meg sjølv ligge der og hulke. Eg er sikker på at eg var tolv år igjen. Ingen kom og trøysta meg. Ingen sjekka inn. Og eg var eit barn, som var ute av stand til å handtere følelsane mine aleine. Skamfull, lei meg, einsam.

Eg hadde berre genseren til å tørke snørra med, så det blei jo òg ein del av skammen eg kjente på. Eg hadde alltid med meg litt tørkepapir i veska resten av retreaten, for å sei det sånn..

Eg klarte heldigvis å finne roen igjen til slutt. I alle fall nok til å stoppe tårene frå å renne over, og til at eg klarte å gå på do og snyte meg og tørke ansiktet med noko anna enn genserermet. Eg har lang og god erfaring med å roe ned meg sjølv, og undertrykke følelsane. Så eg fekk det til denne gongen òg. Det tok sikkert eit kvarter, så fekk eg i meg mat, og eg kom meg på kveldsmeditasjonane etter middagen.

Og sjølv om den opplevinga enda sit i kroppen min, så veit eg kva eg vil gjere med det viss det dukker opp noko liknande igjen. Då vil eg gi meg sjølv mini EQ-terapi, og viss det ikkje fungerer, så vil eg ta kontakt med ein EQ-terapeut eg kjenner, og få hjelp til å bearbeide det. Finne ut kva det eigentleg handler om, kva det er som har skjedd som gjer at eg føler meg så einsam i slike situasjonar.

Denne opplevinga lever i kroppen min enda, snart fire månader etter. Men har verktøy til å handtere det. Og eg kan gå tilbake i minnet, og klemme meg sjølv og gi meg den omsorgen eg lengta sånn etter, der eg låg i gymsalen.

Men i tida mellom då og i dag, har det vokst fram ein spire i meg. Den blei sådd som eit frø i det mørket eg var i, etter at alle dei andre hadde gått til middag etter riste-øvelsen.

Frøet var følelsen av fellesskapet.

Og spiren har blitt til delesirkelen SAMAN ER VI MINDRE ALEINE.

Eg unner alle rundt meg å kjenne på eit slikt fellesskap. Og eg håper at enda fleire melder seg på enten denne vi skal ha her i Kleppe, eller den digitale som skal startast opp om ikkje så lenge.

Menneskeheten er skapt for å leve i fellesskap. Vi er skapt for å vere der for kvarandre, støtte, trøyste, gi omsorg. Gjer ting i lag, snakke saman, dele følelsar og historier.

Dessverre sit alt for mange av oss i kvar sine stuer, framfor kvar våre skjermar og føler at vi finn fellesskap i gaming, på facebook eller gjennom reels på tiktok. Og eg er den første til å innrømme at eg har følt meg både sett, trøysta og holdt gjennom reels som har truffe meg og mitt hjerte. Men det er ikkje denne type fellesskap vi treng. Menneskekroppar treng fellesskap med augekontakt, med kroppslege bevegelser vi kan sjå på, og energiar vi kan føle på. Og spesielt kvinner får meir ut av å vere saman i samme rom, fordi vi får auka produksjon av oxytocin. Velvære- og kjærleiks-hormonet.

Og det VIL du ha meir av i livet ditt!