Traumeresponsen flop
Jan 01, 2026Det eg skal dele i dag har vore livsendrande for meg.
Eg har aldri vore svolten når eg våknar om morgonen. Lunsj har ofte vore mitt første måltid, gjerne etter ein kopp kaffi eller to. Eg har tenkt at eg ikkje er eit frukostmeneske. Det har hatt sine fordelar: eg har spart tid på morgonen, og eg har stort sett takla å gå på tom mage ei periode.
Men så leste eg nyleg at grunnen til at eg ikkje har kjent på sult, er truleg fordi eg har levd med kronisk stress.
Å våkne om morgonen etter 8-10-12 timar utan mat, skal aktivere sult-signal i kroppen, frå naturens side. Det er ein av kroppen sine viktigste jobbar: å gi signal om behov for påfyll av næring og energi.
Kroppar som lever med alarmberedskap og kronisk stress, stenger ofte heilt av for både fordøyelse og næringsopptak. Stressbekjempelse har prioritet framfor påfyll av energi.
Når vi våkner om morgonen, har kroppen naturleg auka kortisolnivå. Kortisol er eit hormon som hjelper kroppen med å beskytte seg sjølv ved (potensiell) fare. Det hjelper oss å våkne og aktivere energi i kroppen. Dyrestudier viser at kortisolnivået er så høgt fram til første måltid, for å gi energi og styrke til dyret, så det kan skaffe livsnødvendig næring. Lever dyret under konstant stress, vil kortisolet vere for høgt og dermed undertrykke appetitten.
Når vi opplever stressande hendelser, vil kroppen frigjere kortisol. Men viss kortisolnivået er høgt over lengre perioder, som når vi lever i utrygge omgivelser, har for mykje ansvar, har traumer frå barndommen, og liknande som gir gjentatte og/eller konstante stressfaktorer, kan dette altså føre til problemer med fordøyelsen.
Hos enkelte mennesker bremser stress fordøyelsen. Ein blir oppblåst, får magesmerter og blir forstoppa. Hos andre auker stresset hastigheten på fordøyelsen, og gir diaré. Nokon mennesker mister appetitten fullstendig, andre får ikkje nok av mat. Stress kan også forverre fordøyelsestilstander som magesår og irritabel tarm.
Å våkne utan å kjenne sult kan òg vere ein indikator på at kortisolnivået og opplevd stress, er for høgt.
Eg husker ein gong for mange år sidan, eg var ute med hunden min, i eit område med fleire gardar rundt. Hunden var lydig og eg trudde eg hadde full kontroll, så ho gjekk laus. Plutseleg dukka det opp eit par høner rundt eit hjørne, og gjetar- og jaktinstinkta i hunden dukka opp like brått. Eg fekk ikkje kontakt, og ho sprang etter hønene, som først prøvde å flykte. Etter kort tid, falt den eine høna om og hunden blei ståande og stirre på ho. Eg var sikker på at høna var død, og sa ifrå til dei eg var ilag med. Dei betrygga meg med at ho nok berre hadde besvimt av skrekk.
Eg skjønte ikkje heilt korleis det kunne skje - før eg lærte om det autonome nervesystemet.
Eg har tidlegare skrive om det parasympatiske nervesystemet (som mange kjenner som "rest and digest"), altså tilstanden i kroppen kor vi er i stand til å kvile og fordøye.
Når mennesker lever med kronisk stress og overaktivering/overstimulering (hallo skjerm) og ikkje tek pauser som gir kroppen mulighet til å la det parasympatiske nervesystemet bli aktivert innimellom, får vi eit dysregulert nervesystem. Det kan føre til at kroppen gå inn i ein traumerespons som kallast flop eller dorsal-vagal shutdown*.
Flop gir ein slags shut down av heile kroppen.
Tvungen omstart, om du vil. Og du har ingen kontroll over kor lang tid den omstarten skal ta.
Når dette skjer, vil kroppen kjennes tung og energilaus, hjerna blir tåkete og vi føler oss ukonsentrert. Vi bryr oss mindre om det som skjer rundt oss, og blir nummen, likegyldig, nedstemt. Tålmodigheta blir tynnslitt, og vi får behov for å vere i fred og berre gjere ingenting, og kan lettare bli fanga inn i ei evigvarande runde av doomscrolling**.
Den dorsale vagusnerven har røtter i urgamle overlevelsesstrategiar hos amfibier og reptiler. Dei blir «livlause» i farlege situasjonar, akkurat som den høna eg trudde var død. Denne nerven blir aktivert når nervesystemet vårt oppfatter det som om vi er fanga og i livstruande fare, enten instinktivt, eller av erfaring.
Men dette skjer ikkje berre når vi er i ekte livsfare. Det kan òg skje når vi:
đ får ein virusinfeksjon, vil kroppen stenge ned, slik at alle ressursar går til å bekjempe inntrengaren.
đ lever eller har levd med folk som er ustabile og kan vere truande, kan vi få behov for å stenge ned.
đ er ansatt ein plass med giftig ledelse og dårleg ytringsklima, kan vi få behov for å stenge ned.
På samme måte, styrer den dorsale vagusnerven showet i kroppen. Og akkurat sånn føles det å ha eit dysregulert/ikkje regulert nervesystem.
Når dette skjer, er det ekstremt vanskeleg oppdage det – nettopp fordi vi er så nummne. Og det blir innmari vanskeleg å gjere noko for å skape endring.
Men det hjelper å vite om denne kroppslege funksjonen. Då eg lærte om dette var det mange brikkar som fall på plass for meg.
Eg skjønte at eg ikkje har vore lat, eg har ikkje vore udugeleg, eg har ikkje vore deprimert. Eg har "berre" vore dysregulert.
** Doom scrolling er eit begrep som beskriver det å bruke overdrevent mykje tid på å scrolle gjennom (negative) nyheiter eller innhald på nettet eller sosiale medier.