velkommen til fellesskapet du som er ei klønete, kraftfull og litt annleis mor med store ambisjonar, som er stuck heime med ungane, fordi dei fortsatt er avhengige av mammaen sin og du er avhengig av dei, og samtidig så treng du å vere del av eit fellesskap fylt av mødre som evner å holde deg oppe når du kollapser innvendig. som held deg når du berre vil falle. som tåler at du både er sint og lei deg og redd ambivalent og fleirfasettert og fragmentert og faktisk litt glad og takknemleg på samme tid.
åpner snart!
bli med på gratis åpningsseremoni og få all info, still spørsmål, kom med innspel og få fleire fordelar til ditt medlemsskap. bli ein del av søsterskapet og landsbyen du har lengta etter.
digital åpningsseremoni
onsdag 23. september 2026 kl 19.00
få din invitasjon her:
BLI MEDsøsterskapet åpner om:
00
DAYS
00
HOURS
00
MINS
00
SECS
dette får du i søsterskapet:
eit digitalt fellesskap for mødre som treng andre mødre som tåler at dei berre grin eller at dei vil noko, men sitt fast i gamle mønster.
møte andre mødre som vil ha venner dei kan lene seg på, som treng å bli tålt når dei har store følelsar og ukonvensjonelle meininger.
eit fellesskap som dreg deg opp av sofaen når du seier at du vil opp av sofaen.
del opplevelsane dine med nokon som har gått gjennom det samme, og som kjenner seg igjen i følelsane, tankane og bekymringane.
søsterskapet er landsbyen du har lengta etter når du har bekymra deg om prikkane minstemann plutseleg har fått i panna, når du ligg våken om natta og lurer på om du kanskje er hysterisk som reagerte sånn på at mannen ikkje var ærleg om kor han hadde vore. når du plutseleg har grønn urin og faktisk litt vondt der på høgre side av livmora og blir livredd og tør ikkje google og aldri i verden vil spør KI om kva som skjer.
meld deg på åpningsseremonien og få informasjon om møtetidspunkt, kva søsterskapet skal inneholde, kva det vil koste å vere med og kva eg som fasilitator vil bidra med, og få fleire fordelar ved å bli beta-medlem (som bedre pris, større medbestemmelsesrett).
hei! eg er Edith Birgitte Ludvigsen
eg er din fasilitator i søsterskapet.
eg lager søsterskapet fordi eg hadde trengt eit fellesskap av mødre då eg sjølv blei mor for første gang. eg har lengta etter eit søsterskap gjennom heile mammalivet. eg kan alltids stole på at det som skal skje, vil skje, men det føles til tider utrygt. spesielt med ansvar for barneliv.
eg hadde trengt nokon å søke råd hos når eine ungen plutseleg får grøn avføring og den andre får eit merkeleg utslett på magen. nokon å søke trøyst hos når mannen ikkje forsto meg. nokon å skravle med om livets opp- og nedturar og alt imellom.
velkommen inn om du lengter etter det samme!
sertifisert i motherhood studies
g veit kva normer du prøver å presse deg sjølv inn i, og korleis du skal komme deg ut av dei.
ekspert på eigenomsorg
kva er vel bedre eigenomsorg enn å leve morskapet slik du var meint til å leve det: i fellesskap med andre mødre.
relasjonsterapeut
som fasilitator har eg til hensikt å sørge for at alle relasjonane i søsterskapet er sunne og givande. eg vil fungere som smurning nårenn gnissninger oppstår.
bli med på åpningsseremonien
ONSDAG 23. SEPTEMBER KL 19.00
få all infoen, føl viben, bli med på festen og invester i eit søsterskap utan sidestykke. det er gratis og utan kjøps-forpliktelser
søster-skapets visjon
eg er mor, kvinne og eiger av ei lita bedrift med store visjonar.
krefter i samfunnet vil at eg skal vere lydig, flink og nummen. det betyr ikkje at eg må vere det. eg vil heller løfte andre kvinner opp til å bli sterke krefter som endrer verda, til vår alles fordel.
slik at både eg og du kan begynne å leve det meningsfulle livet vi fortjener.
bli med inn i søsterskapet og finn frihet i fellesskapet du ikkje du visste du trengte, og eigenkjærleiken du ikkje visste du hadde.
"Når Edith samler folk hos seg, er det rom for høy latter, dype følelsar og solid støtte i smerte og skam. Sjølvsagt skal eg vere med."
Påmeldt deltakar
"Jeg har tillit til at Edith kan skape et rom hvor vi kan være trygge til å si det vi mener og åpne opp selv for det som føles tabu. Jeg er med fordi jeg trenger noen som kan holde meg når jeg synker og som rommer meg når jeg vil eksplodere."